Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til kantsone i eng

Publisert i går kl. 12:29

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan i prioriterte og kartfesta område gjevast tilskot for å ha ei kantsone i eng langs kanten mot vassdrag. Formålet med tilskotet er å stimulere til at areal som grensar mot vassdrag ikkje blir gjødsla eller sprøyta.

NB! Tiltaket er i 2024 utvida til å gjelde fleire vassførekomstar enn tidlegare. Sjå oversikt over vassførekomstane som inngår i tiltaket i kart under.

Vilkår

Kantsona skal ikkje gjødslast eller sprøytast i søknadsåret. Tiltaket gjeld for fulldyrka og overflatedyrka areal. Tiltaket omfattar ikkje innmarksbeite.

Ein kan berre motta tilskot til kantsone på jordbruksareal langs prioriterte vassdrag. Sona det blir gitt tilskot for skal ha ei breidde på minst fire meter målt frå normalvasstanden til vassdraget, og minst to meter av kantsona skal liggje på fulldyrka eller overflatedyrka areal. Avstand mellom vassdrag og gjødselfri kantsone kan ikkje vere meir enn åtte meter.

Kantsona på jordbruksarealet skal haustast ved slått eller beiting i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli. Det skal ikkje brukast plantevernmiddel i kantsona.

Tiltaket gjeld vassdrag og delar av vassdrag med årsikker vassføring. Årsikker vassføring er vassføring som ikkje tørkar ut i vekstsesongen oftare enn kvart tiande år.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

kr 20 per løpemeter kantsone
Inntil 1500 meter per føretak
(Kantsone i eng utan gjødsling og sprøytemiddel langs prioriterte vassdrag)

Kartavgrensing

Tiltaket gjeld i prioriterte område ved vassdrag og delar av vassdrag. Konkret avgrensing av kva areal som kan ha rett til tilskot kjem fram i kart i elektronisk søknadsportal. Prioriterte område er og kartfesta i Fylkesatlas, sjå kart under.

Informasjon om naturleg vegetasjon langs vassdrag

Langs vassdrag med årsikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg vegetasjonsbelte (kantvegetasjon) som motverkar avrenning og gjev leveområde for planter og dyr, jf vassressurslova § 11. Det er ikkje krav om å etablere kantvegetasjon der denne ikkje finst eller vart fjerna før 2001. Statsforvaltaren kan gje fritak for kravet om naturleg kantvegetasjon langs vassdrag. 

Ved nydyrking skal ein setje igjen ei vegetasjonssone langs vassdrag. Denne skal vere minst 6 meter brei langs vassdrag med årsikker vassføring.

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.