Nyhende
Avslår grensejustering av Midsund
Kommunal- og distriktsdepartementet avslår søknad om å starte opp utgreiing av grensejustering av Midsund over til Aukra kommune.
Trur du at du er feilaktig innmeld i eit trussamfunn eller livssynssamfunn?
På nettsidene til Brønnøysundregistrene kan du logge deg inn for å se om du er registrert som medlem i et trossamfunn eller et livssynssamfunn.
Nei til riving av Vestbasbuda i Fosnavåg hamn
Statsforvaltaren har konkludert med at vilkåra for å kunne rive bygget ikkje er oppfylte. Sjøbuda som er bygd rundt 1880 representerer eit viktig kulturminne for fiskeværet Fosnavåg.
Kommunane må ta grep for framtida
Svært krevjande økonomi og store endringar i befolkninga pregar kommunane i Møre og Romsdal. Dei må endre drifta og ta kloke økonomiske val for å kunne tilby innbyggarane gode tenester.
17. generasjon på Rasmusgarden heidra med pris
– Det er stas når det vi syslar med oppi ein dal blir lagt merke til og sett pris på, seier Rolf Åge Sørdal og Ane Malene Søvik Nygård, som 16. september fekk overrekt Kulturlandskapsprisen 2026.
Vil du foreslå nokon til ein orden eller ein medalje?
Framlegg om kandidatar til Kongens fortenestemedalje og St. Olavs Orden skal stilast til Hans Majestet Kongen og sendast til Statsforvaltaren.
Kondolanseprotokollar som skal til Slottet
Vi tek i mot kondolanseprotokollar frå kommunar og andre i Møre og Romsdal som ønsker at desse skal bli sende til Slottet. Frist for levering er 24. september.
Prinsesse Astrid er gått bort
– Prinsesse Astrid synte gjennom eit langt liv ein eineståande lojalitet og tenestevilje. Våre varmaste tankar går til kongefamilien og dei etterlatne, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Næringsmiddel- og fiskeoljeprodusentar oppfyller ikkje krava
Tilsyn viser at fleire bedrifter i fylket innan fiskemjøl- og fiskeoljeproduksjon, olje til humant konsum, slakteri og meieri ikkje oppfyller utsleppskrava. Fleire manglar også måleprogram og risikovurderingar.
Årets Kulturlandskapspris går til Rasmusgarden
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gleda av å kunngjere at årets Kulturlandskapspris går til Rolf Åge Sørdal og Ane Malene Søvik Nygård som driv Rasmusgarden i Syvde, i Vanylven kommune.