17. generasjon på Rasmusgarden heidra med pris

Publisert i dag kl. 14:30

– Det er stas når det vi syslar med oppi ein dal blir lagt merke til og sett pris på, seier Rolf Åge Sørdal og Ane Malene Søvik Nygård, som 16. september fekk overrekt Kulturlandskapsprisen 2026.

Statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise delte ut Kulturlandskapsprisen 2026 til Rolf Åge Sørdal og Ane Malene Søvik Nygård på Rasmusgarden. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Susanne Aare Dahl.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler kvart år ut Kulturlandskapsprisen til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.

17. generasjon 

Årets prisvinnarar driv Rasmusgarden i Syvde i Vanylven kommune. Garden ligg i Saurdalen, like ved Sørdalsvatnet, og er omkransa av høge fjell og velstelte innmarks- og utmarksområde.

Rolf Åge og Ane Malene overtok drifta i 2016 frå foreldra til Rolf Åge. Garden har mjølkeproduksjon med om lag 20 kyr og 35 vinterfôra sauer. Paret er den 17. generasjonen på garden, der historia kan sporast heilt tilbake til 1520. Kårfolket, Aage og Astrid, bur i same tunet og bidreg framleis i arbeidet.

– Kulturlandskapet rundt oss kjem ikkje av seg sjølv. Det er resultatet av generasjonar med arbeid, kunnskap og omsorg. Det krev at nokon er villige til å ta ansvaret for å drive jorda, stelle dyra og ta vare på bygningane og historia som høyrer til staden. På Rasmusgarden har dette ansvaret blitt teke på alvor, og prisen er ei velfortent anerkjenning av dette arbeidet, sa statsforvaltar Else-May Botten i talen sin under prisoverrekkinga.

F.v: Varaordførar i Vanylven, Lena Landsverk, områdedirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Frank Madsøy, kårfolket Aage og Astrid Sørdal, prisvinnarane Rolf Åge Sørdal og Ane Malene Søvik Nygård og dottera Othilie, statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Susanne Aare Dahl.

Bygger for framtida

Rolf Åge og Ane Malene legg vekt på god ressursutnytting og ei berekraftig drift. Dei tek vare på eksisterande bygningar og utstyr der det er mogleg, samstundes som dei investerer og oppgraderer der det er behov.

– Eg er opptatt av å ta godt vare på det vi har, og likar utstyr eg kan skru på sjølv, seier Rolf Åge.

Dei siste åra har dei gjennomført ei omfattande modernisering av fjøsen. Den er bygd om til lausdrift, og det er installert mjølkerobot og nye løysingar for fôring og gjødselhandtering. Satsinga legg til rette for ein meir funksjonell arbeidskvardag, god dyrevelferd og ei framtidsretta drift.

Inne i ein fjøs med kyr og lysekrone i taket.
På Rasmusgarden har kyrne utsikt og lysekrone i taket. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romasdal / Susanne Aare Dahl.

Beitedyr held landskapet ope

Omsynet til dyra pregar heile drifta på garden. Rolf Åge og Ane Malene kjenner dyra godt og er opptekne av at kvart dyr skal ha det bra. Om sommaren går alle dyra på utmarksbeite. Kyr og ungdyr går på beite i fjellet over dalen, medan sauene beitar i dalsidene rundt Sørdalsvatnet.

Den utstrekte beitebruken spelar ei viktig rolle i å halde kulturlandskapet ope og i god hevd. Ved Sørdalsvatnet ligg ei stor naturbeitemark med registrerte førekomstar av verdifulle plantar og beitemarkssopp. Den jamlege bruken av området er med på å ta vare på desse naturverdiane og styrke det biologiske mangfaldet.

Som eit nyttig hjelpemiddel i beitesesongen har Rolf Åge og Ane Malene teke i bruk elektroniske klavar, som gjer det mogleg å følge med på kvar dyra oppheld seg til kvar tid.

– Det er alltid nokre av dei firbeinte som har sine eigne planar for beitesesongen, og då er det bra å kunne følge med på dei, seier paret med eit smil.

Deler kunnskap om landbruket

For Rolf Åge og Ane Malene er det viktig å dele kunnskap om landbruket og gi andre innblikk i kvardagen på garden. Dei tek imot skoleelevar og andre besøkande for å fortelje om historia til garden, matproduksjon og livet i bygda. Også gjennom sosiale medium viser dei fram gardslivet og landbruksnæringa.

Rasmusgarden. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Ragnhild Naug Aas.

Prisen delt ut på Rasmusgarden

Kulturlandskapsprisen 2026 vart delt ut på Rasmusgarden 16. september av statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise.

Botten leiar også juryen for Kulturlandskapsprisen, som i år har bestått av:

  • Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Hilde Arna Tokle Yri, leiar for seksjon kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Juryen si grunngjeving:

«Med aktiv drift, sterk omsorg for dyr og landskap og vilje til å kombinere tradisjon og nyskaping er Rasmusgarden til eit framifrå døme på korleis kulturlandskapet kan takast vare på for framtida.»