Nei til riving av Vestbasbuda i Fosnavåg hamn

Publisert i dag kl. 13:00

Statsforvaltaren har konkludert med at vilkåra for å kunne rive bygget ikkje er oppfylte. Sjøbuda som er bygd rundt 1880 representerer eit viktig kulturminne for fiskeværet Fosnavåg.

Bilete frå Vestbasbuda (i grøn) og dei andre verna bygningane på Notaneset
Bilete frå Vestbasbuda (i grøn) og dei andre verna bygningane på Notaneset. Foto: Jan Flatval / Vestlandsnytt

Eigaren av sjøbuda ynskjer å rive bygget sidan det er i dårleg stand, og få av dei originale bygningsdelane er intakte. Eigedomen kan deretter seljast for å vere del av sentrumsutviklinga i Fosnavåg, på eit attraktivt område ned mot sjøen. 

Herøy kommune gav dispensasjon og løyve til å rive bygget. Som kulturmynde klaga Møre og Romsdal fylkeskommune på  avgjerda. 

Eit regionalt kulturminne

Fosnavåg kystkulturmiljø har status som regionalt verneverdig i «Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi». Vestbasbuda er samen med dei to andre sjøbuene på Notaneset, nokre av svært få attståande sjøhus frå seint 1800-tal. Fylkeskommunen viste i si klage til at den regionale, kulturfaglege verdien av området er tufta på heilskapen i kulturmiljøet og at sjøbudene som står att er avhengige av kvarandre for å oppretthalde verneverdien.

Sjøbudene står på eit areal regulert til sentrumsføremål, men med føresegner om historisk vern. 

– Gjennom reguleringsplan for området er det fastsett føresegner som seier at bygga skal takast vare på, i praksis eit rivingsforbod, forklarer seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren. 

Dagens situasjon er utgangspunktet for vern

Verneføresegnene som kom inn i gjeldande områdeplanen i 2015 er tufta på dagens situasjon med bygget sine noverande fasadeuttrykk. 

– At det er få opphavlege element igjen frå 1880-talet er dermed ikkje tungtvegande argument for å kunne rive bygget, seier Småland. 

Ho fortel at det i 2021 vart sett i gang eit arbeid med ein vidare plan for å utvikle området. 

– Eit samtykke til riving vil difor gje uheldige verknader både for å ivareta kulturmiljøet, og ein framtidig plan for heile området. 

Den bygningsfaglege rapporten som er utarbeidd  i saka, viser at bygningskroppen kan bli restaurert og bevart.  

– Bygget har slik ei framtid som del av kulturmiljøet. Riving går difor tydeleg imot intensjonane med verneføresegna. At det vert dyrt å restaurere bygget kan ikkje få avgjerande betydning i denne samanhengen, seier Småland.

Statsforvaltaren konkluderer difor med at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylt.