Trur du at du er feilaktig innmeld i eit trussamfunn eller livssynssamfunn?

Publisert i dag kl. 18:01

På nettsidene til Brønnøysundregistrene kan du logge deg inn for å se om du er registrert som medlem i et trossamfunn eller et livssynssamfunn. 

Slik kan du sjekke kvar du er medlem

Gå til Brønnøysundregistra (www.brreg.no) og logg inn på «Mi side». Der finn du ei oversikt over medlemskapane dine.

Er du feilaktig innmeld?

Dersom du er feilaktig innmeld, kan du klage til Statsforvaltaren. I klagen bør du oppgje namn og organisasjonsnummer til det aktuelle trussamfunnet eller livssynssamfunnet.

Statsforvaltaren kontaktar samfunnet og ber om ei utgreiing. I tilfella der samfunnet har gjort feil, vil vi vurdere kva eventuelle sanksjonar trussamfunnet eller livssynssamfunnet skal få etter gjeldande trussamfunnslov. Bruk skjemaet på denne sida, eller send klagen med vanleg brevpost.

Eldre barn bestemmer sjølv

Merk at dei som har foreldreansvaret, kan melde barnet eller ungdommen inn i og ut av trussamfunn og livssynssamfunn fram til barnet fyller 15 år. Ungdom i alderen 15, 16 og 17 år bestemmer sjølv kvar dei ønskjer å vere medlem.

Send skriftleg utmelding

Trus- og livssynssamfunn har plikt til alltid å godta skriftlege utmeldingar. Dersom du ønskjer å melde deg ut av eit trussamfunn eller livssynssamfunn (som du er rettmessig innmeld i), må du informere samfunnet skriftleg om utmeldinga. Det betyr at dersom du melder deg ut skriftleg i dag, pliktar trussamfunnet å godta utmeldinga med det same.

Årleg oppdatering av registra

I Brønnøysundregistra blir medlemsopplysningane oppdaterte éin gong kvart år, om våren. Ved søk i Brønnøysundregistra vil du difor stå oppført som medlem fram til den årlege oppdateringa våren etter.

Dersom du opplever at samfunnet ikkje melder deg ut, trass i at du har sendt skriftleg utmelding, kan du klage til Statsforvaltaren. Bruk skjemaet på denne sida, eller send klagen med vanleg brevpost.