Avslår grensejustering av Midsund

Publisert i går kl. 15:05

Kommunal- og distriktsdepartementet avslår søknad om å starte opp utgreiing av grensejustering av Midsund over til Aukra kommune.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har mottatt brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet som avslår søknad om utgreiing av grensejustering av Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. 

Om lag 1000 innbyggarar står bak initiativet. Det er langt fleire enn ved førre initiativ i 2024, då om lag 250 innbyggarar støtta ei utgreiing.

Statsforvaltaren råda til å avslå

Statsforvaltaren råda departementet til å avslå søknaden om utgreiing.

– Vi vurderte at ut i frå geografi og dagens infrastruktur og kommunikasjonsforhold, kan ikkje Midsund seiast å utgjere ein meir naturleg del av Aukra kommune framfor Molde kommune. Sjølv om det er langt fleire innbyggarar som står bak initiativet no, er ikkje det åleine tilstrekkeleg grunnlag for å sette i gang ei utgreiing, seier seniorrådgivar Frida Farstad Brevik hos Statsforvaltaren.

Støttar Statsforvaltaren si vurdering

Departementet støttar Statsforvaltaren si vurdering, og kan ikkje sjå at det i saka er vist til konkrete utfordringar knytte til det kommunale tenestetilbodet som kan løysast betre i Aukra kommune. 

– Utgreiing av grensejustering er først og fremst eit verkemiddel som kan nyttast der mønster for samhandling og bruk av kommunale tenester har etablert seg på tvers av eksisterande kommunegrenser, og der dette fører med seg konkrete utfordringar, skriv departementet i brevet.

Dei anerkjenner at det er stor oppslutning om saka lokalt, men meiner dette aleine ikkje kan tilleggast avgjerande vekt i vurderinga.

– Etter ei samla vurdering avgjer departementet at det ikkje skal setjast i gang utgreiing av grensejustering mellom Molde og Aukra kommunar for området som utgjer tidlegare Midsund kommune, avsluttar dei i brevet til Statsforvaltaren.

Kontakt oss