Kommunebrevet
Kvart år sender Statsforvaltaren ut eit brev til kommunane der vi informerer om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.
Brevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.
Kommunebrevet erstattar ikkje statens fortløpande styringskommunikasjon med kommunane. Brevet samordnar forventningane, og målet er at det skal skape samarbeid og dialog.
Vi har laga ein powerpoint-presentasjon som kommunane kan nytte i ulike møte der forventningane er tema: Presentasjon av Kommunebrevet 2026 (pptx)
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.