Kvart år deltek eit stort tal innvandrarar i introduksjonsprogrammet og i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kommunane har ansvar for å gjere ei rekkje enkeltvedtak knytt til både tildeling og gjennomføring av desse tilboda. Likevel får kommunane særs få klager.
I arbeidet har Proba undersøkt forhold knytt til kommunane si saksbehandling og klagebehandling, korleis informasjon og dialog mellom kommunar og deltakarane fungerer, og deltakarane sin eigen situasjon og føresetnader. På bakgrunn av dette utleier Proba ti hypotesar om årsakene til det låge klagenivået. Undersøkinga byggjer på ei brei metodisk tilnærming, der spørjeundersøking til alle landets kommunar, casestudiar i tre utvalde kommunar, dokumentgjennomgang, statistikk og intervju med både kommunale aktørar og statsforvaltarane inngår. Det samla datamaterialet peikar i retning av at deltakarane møter ei rekkje strukturelle, kommunikative og relasjonelle barrierar som gjer det krevjande å nytte klageretten, og at dagens låge klageomfang ikkje er i tråd med dei rettssikkerheitsomsyna som ligg til grunn for ordninga. Proba vurderer vidare at dagens klageomfang er for lågt til å gi eit realistisk bilete av kvaliteten på vedtaka eller av faktiske usemjer og interessekonfliktar mellom kommunane og deltakarane.
Proba meiner også at talet på klager i dag er for lågt til å ivareta sentrale omsyn, mellom anna behovet for kontroll av kommunane si lovtolking og rettsforståing, likebehandling på tvers av kommunar og ivaretaking av deltakarane sine individuelle rettar og interesser. Dei peikar òg på at det låge klageomfanget gjer det vanskeleg for statlege styresmakter å få god nok innsikt i korleis regelverket fungerer for målgruppa. Når terskelen for å fremje eigne interesser blir for høg, mister staten tilgang til viktig informasjon om korleis lovverket verkar i praksis.
Proba vurderer at dagens låge klagenivå ikkje er i verken deltakarane, kommunane eller staten si interesse. Dei tilrår at både staten og kommunane arbeider for å styrkje den kommunale saksbehandlinga og klagebehandlinga på integreringsfeltet, slik at viktige rettstryggleiks- og forvaltningsomsyn blir betre ivaretekne. Lenke til rapporten: Klager etter integreringsloven – kartlegging og analyse av årsaker til få klagesaker - Proba Samfunnsanalyse
Statsforvaltaren i Vestland har eit særleg ansvar for å rettleie kommunane om integreringslova og tilhøyrande forskrifter. Dette omfattar både generell rettleiing om regelverket og meir målretta rettleiing om deltakarane sine rettar, inkludert retten til å klage på enkeltvedtak. Statsforvaltaren skal òg bidra til at kommunane gir informasjon om klagerett på ein måte som faktisk set deltakarane i stand til å ivareta eigne rettar. I tillegg skal Statsforvaltaren rapportere til IMDi om rettleiingsverksemda og om korleis kommunane følgjer opp pliktene sine etter lova.
I lys av funna frå Proba er det naturleg og fagleg relevant at Statsforvaltaren i Vestland tek opp tematikken om klagerett, klagebehandling og deltakarrettar i dialogen med kommunane. På denne bakgrunnen vil analysane og vurderingane frå Proba vere eit sentralt tema i samlinga med kommunane i Vestland 22. september 2026.