Feil i RMP-kart knytt til "Drift av bratt areal"

Publisert i dag kl. 12:30

I byrjinga av søknadsomgangen for RMP vart Landbruksdirektoratet gjort merksame på ein feil som gjorde at innteikning av drift av bratt areal ikkje let seg kombinere med ein del andre tiltak. 

Feilen skuldast at direktoratet oppdaterte nokre klippereglar/maskinelle kontrollar i 2026 for å unngå at drift av bratt areal skulle kunne gå an å kombinere med beiting i kombinasjon av beitepussing av bratt areal. Denne korrigeringa fekk nokre utilsikta konsekvensar for ein del andre tiltak, så no har direktoratet tatt det tilbake til slik det var, at drift av bratt areal kan overlappe alt.

Heilt konkret råka feilen dei tiltaka som har klipperegel/maskinell kontroll med overlapp kode X. Sjå oversikt over maskinelle kontrollar på denne sida: 

Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP) - Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet retta opp feilen den 1. oktober kl. 15.08. Det vil seie at det kan vere søkjarar som har forsøkt å teikne inn til dømes skjøtsel av trua naturtypar og drift av bratt areal på same areal ikkje har fått til dette. Feilen vil også ha oppstått ved import av tiltak frå tidlegare år. Vi ber om at kommunane er obs på dette når dei handsamar søknadar som vart leverte før 1. oktober kl. 15.08.