Ordinært skjønstilskot for 2027
- Søknadsfrist:
- 30. august 2026 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg etat:
- Samfunnsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland
KDD fordeler kvart år skjønstilskot til kommunar etter ei innstilling frå statsforvaltarane. Skjønstilskotet skal kompensere kommunar for lokale forhold som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren. Fordelinga av ordinære skjønstilskot skjer om hausten, i samband med statsbudsjettet.
KDD gir retningslinjer for fordeling, bruk og rapportering av skjønstilskot. Statsforvaltaren skal gjere ei heilskapleg vurdering av kommunen sin økonomi og behov. Skjønstilskotet skal ikkje fordelast berre på grunnlag av enkeltsaker eller økonomien innan eitt tenesteområde.
For å sikre ei best mogleg fordeling, er det viktig med god informasjon frå kommunane. Vi ber derfor alle kommunar sende inn skriftleg søknad dersom dei har spesielle, lokale forhold som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet eller andre ordningar.
Skjønstilskot for 2027 blir berre vurdert tildelt til kommunar som har sendt inn søknad innan fristen 30. august 2026. Dersom søknaden gjeld konkrete utgifter, må kommunen dokumentere desse.
Døme på forhold som kan gi grunnlag for ordinært skjønstilskot:
• utgifter til båtskyss av helsepersonell
• særskilte kostnader knytt til språkdelingsgrupper
• konsekvensar av trekk- og korreksjonsordninga (privatskolar)
- Søknadsfrist:
- 30. august 2026 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg etat:
- Samfunnsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland