Kald vår gjev varierande fruktavling

Publisert 5. oktober kl. 12:00

Kommunar i Vestland har fått mange meldingar om mogleg produksjonssvikt på frukt. Vêret framover er viktig for mengd og kvalitet på frukta, og om det blir produksjonssvikt.

Frukttre i dårleg vær
Kald vår gjev varierande fruktavling. Foto: SFVL.

Høge temperaturar

Relativt høge temperaturar i mars og april gav frukttrea signal om at vekstsesongen snart måtte byrje. Bløminga i frukthagane starta derfor tidleg, men då var temperaturane låge.

Tid for befruktning

I bløminga er det avgjerande med god pollinering, men det hjelper likevel ikkje dersom temperaturane er låg. Etter at insekt eller vind har overført pollen frå høvelege pollensortar til produksjonssorten, spirer pollenet på arret og det veks ut ein pollenslange. I følgje NLR-rådgjevar Endre Bjotveit, vert tida pollenslangen brukar på å vekse ned til frøemnet og befrukte eggcella styrt av temperaturen. Ved ein snitt-temperatur på 15 °C tek prosessen 2-3 dagar, men 8-10 dagar ved 7 °C. Ved kaldt vêr gjennom bløminga er det derfor fare for at eggcella har vorte for gammal, og har gått til grunne før pollenslangen når fram. Då vert det ingen fruktsetting og inga fruktavling. 

Lokalklima avgjerande 

Det er framleis usikkert om det faktiske avlingstapet vert så stort at det utløyser rett til tilskot ved produksjonssvikt. Kor stor påverknad ein kald vår har, varierer mellom ulike kulturar og sortar. Lokalklima i kvar enkelt frukthage er då avgjerande. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Synnøve Vonen Kvaal
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland