Ein hard vinter for skogen i Vestland

Publisert 16. oktober kl. 09:00

Det har vore ein kald vinter med lite snø på Vestlandet. Ut over våren og sommaren har vi sett ulike klimatiske skader på både forynging og på vaksen skog.

Liten og uttørka granplante
Uttørka gran våren 2026. Foto: Torgrim Østgård / SFVL.

Eit problem for skogbruket

År om anna kan vêret gjere det tøft for skogen. Vi såg det sist i 2014. Grana braut ut av kvileperioden sin og byrja å vekse under ein mildversperiode, før det slo om til vedvarande austavind, kaldt vêr og ikkje nedbør. 

Denne vinteren var ganske lik. Når austavinden herjar i mars månad og rota står i tele når vårsola byrjar å verke, slit dei nyplanta granene med å få tak i vatn. Skogbruket i Vestland har eit problem med å få ei tilfredsstillande forynging på areala sine, av ymse årsaker, men etter denne vinteren må vi rekne med meir supplering enn vanleg.

Uttørka gran

Granplanta på biletet øvst i saka står på Allstad AS sin eigedom i Hyllestad kommune i ytre Sogn, og vart sett i jorda hausten 2025. Delar av denne plantinga vart gjort under lauvskjerm. Ein plantar gjerne under skjerm for å skape eit godt mikroklima for plantene, men det var ikkje nok til å beskytta plantane som stod der. I tillegg har hjorten ete nokre centimeter av planta. 

I Hafslo i Indre Sogn har det også vore kaldt, men på 450 meter over havet har granplantene vore under eit beskyttande snødekke denne vinteren. Ein skogeigar har hogd bjørk til ved og treslagskifta til gran våren 2025. Oppslaget av bregnar vart stort, etter at den tette bjørkeskogen var borte og lystilhøva betra seg. Her er det brukt M60-planter, som ikkje let seg så lett bøye seg ned når bregnane visnar, og feltet stod flott, med tilrådd plantetal, våren 2026. 

Suppleringsplanting – regelen snarare enn unntaket

Resultatkartleggingane i Vestland syner ein nedgåande trend når det gjeld å finne levande planter. Ei allereie glissen forynging vil nok slite meir etter denne vinteren. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Torgrim Østgård
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland