Du må ha autorisasjonsbevis
Skal du bruke plantevernmiddel eller gnagarmiddel? Statsforvaltaren tilbyr kurs og eksamen, og kommunen avgjer om du oppfyller krava for autorisasjon.
Alle som vil kjøpe og bruke plantevern- eller gnagarmiddel i yrkessamanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. For å få autorisasjonsbevis må du ha bestått eksamen etter kurs og du må ha yrkesmessig behov for autorisasjonen.
Vilkår for plantevernautorisasjon:
- Du må vere over 18 år.
- Du må ha yrkesmessig behov for å kjøpe og bruke plantevernmiddel, sjå § 7 i instruksen for døme på yrkesmessige behov.
Vilkår for gnagarmiddelautorisasjon:
- Du må ha gyldig plantevernautorisasjon.
- Du må eige eller leige landbrukseigedom.
I denne brukarrettleiinga står det meir om vurdering av vilkår for gnagarmiddelautorisasjon. I vilkåret "eig/leiger ein landbrukseigedom", inngår også ektefella til dei som eig/leiger garden, sjølv om det er særeige på garden, men kor det i praksis er ektefella som driv han.