Autorisasjon for plantevern- og gnagarmiddel

Oppdatert 27. februar kl. 11:43

Her finn du informasjon om korleis du går fram for å få autorisasjon for plantevern- og gnagarmiddel.

Du må ha autorisasjonsbevis

Skal du bruke plantevernmiddel eller gnagarmiddel? Statsforvaltaren tilbyr kurs og eksamen, og kommunen avgjer om du oppfyller krava for autorisasjon.

Alle som vil kjøpe og bruke plantevern- eller gnagarmiddel i yrkessamanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. For å få autorisasjonsbevis må du ha bestått eksamen etter kurs og du må ha yrkesmessig behov for autorisasjonen. 

Vilkår for plantevernautorisasjon: 

  • Du må vere over 18 år. 
  • Du må ha yrkesmessig behov for å kjøpe og bruke plantevernmiddel, sjå § 7 i instruksen for døme på yrkesmessige behov.

Vilkår for gnagarmiddelautorisasjon: 

  • Du må ha gyldig plantevernautorisasjon. 
  • Du må eige eller leige landbrukseigedom. 

I denne brukarrettleiinga står det meir om vurdering av vilkår for gnagarmiddelautorisasjon. I vilkåret "eig/leiger ein landbrukseigedom", inngår også ektefella til dei som eig/leiger garden, sjølv om det er særeige på garden, men kor det i praksis er ektefella som driv han.  

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.