Regional beredskap

Oppdatert 24. februar kl. 15:39

Statsforvaltaren legg til rette for samarbeid mellom beredskapsaktørane i fylket. Saman bidrar vi til at samfunnet er godt budd på kriser og uønskte hendingar. 

Samordningsansvaret til Statsforvaltaren

I ei krise skal Statsforvaltaren ta eit regionalt samordningsansvar. Vi samarbeider tett med kommunar, politiet, helsemyndigheiter og andre beredskapsaktørar. Vi rapporterer dessutan til nasjonale myndigheiter.

I det daglege samordnar vi beredskapsarbeidet i fylka og held oversikt over risiko og sårbarheit.

FylkesROS – risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket

FylkesROS gir oversikt over dei største trugslane og utfordringane i fylket. Analysen tar for seg naturhendingar, store ulukker og uønskte hendingar.

Analysen er eit viktig verktøy for å prioritere tiltak og ressursar i beredskapsarbeidet. Den er også eit kunnskapsgrunnlag kommunen kan bruke i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyser.

Regionalt samarbeid

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigste regionale aktørane i beredskapsarbeidet i fylket. Kven som møter i rådet, kjem an på kva type krise eller hending det er snakk om.

Fylkesberedskapsrådet skal legge til rette for godt samarbeid, ei felles forståing for utfordringane i fylket og kjennskap til ansvarsområda til dei ulike medlemmane. Statsforvalteren oppnemner medlemmar og leier møta i rådet. Heile rådet skal møtast minst éin gang i året, og når det er behov for å samordne handteringen av kriser.

Fylkesberedskapsrådet i Vestland

  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Avinor (Flesland)
  • Bane NOR SF
  • Bergen brannvesen og 110 Vest
  • Bergen havn
  • Bergen kommune
  • Bufetat region vest
  • Helse Bergen
  • Helse Fonna
  • Helse Førde
  • Helse Vest
  • Hordaland Røde kors
  • Hordaland sivilforsvarsdistrikt
  • HV-09
  • HV-11
  • Haakonsvern orlogstasjon
  • KDS Sogn og Fjordane (linja)
  • KS
  • Kyrkja
  • Kystverket region vest
  • LYSE
  • Mattilsynet
  • Meterologisk institutt
  • NAV
  • NHO
  • NRK
  • NVE Region Vest
  • PST
  • Redningsselskapet region vest
  • RKDS Hordaland (BKK)
  • Sogn og Fjordane Røde Kors
  • Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt
  • Statens kartverk
  • Statens vegesen region vest
  • Sør-Vest politidistrikt
  • Telenor
  • Telia
  • UDI
  • Vest politidistrikt
  • Vestland fylkeskommune



Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.