Samordningsansvaret til Statsforvaltaren
I ei krise skal Statsforvaltaren ta eit regionalt samordningsansvar. Vi samarbeider tett med kommunar, politiet, helsemyndigheiter og andre beredskapsaktørar. Vi rapporterer dessutan til nasjonale myndigheiter.
I det daglege samordnar vi beredskapsarbeidet i fylka og held oversikt over risiko og sårbarheit.
FylkesROS – risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket
FylkesROS gir oversikt over dei største trugslane og utfordringane i fylket. Analysen tar for seg naturhendingar, store ulukker og uønskte hendingar.
Analysen er eit viktig verktøy for å prioritere tiltak og ressursar i beredskapsarbeidet. Den er også eit kunnskapsgrunnlag kommunen kan bruke i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyser.
Regionalt samarbeid
Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigste regionale aktørane i beredskapsarbeidet i fylket. Kven som møter i rådet, kjem an på kva type krise eller hending det er snakk om.
Fylkesberedskapsrådet skal legge til rette for godt samarbeid, ei felles forståing for utfordringane i fylket og kjennskap til ansvarsområda til dei ulike medlemmane. Statsforvalteren oppnemner medlemmar og leier møta i rådet. Heile rådet skal møtast minst éin gang i året, og når det er behov for å samordne handteringen av kriser.
Slik er det organisert i Rogaland
Her finn du meir informasjon om og ei oversikt over dei sentrale råda og utvala i den regionale beredskapen.
Fylkesberedskapsrådet i Rogaland har to ordinære møte i året, eitt om våren og eitt om hausten. Møta blir gjennomførte som fysiske eller digitale samlinga. Føremålet er å styrkje informasjonsdeling, samarbeid og samordning mellom beredskapsaktørane i fylket.
Ved hendingar og øvingar blir relevante medlemmar og andre aktuelle aktørar kalla inn etter behov for å bidra til koordinert handtering og felles situasjonsforståing.
Det er 42 medlemsverksemder i Fylkesberedskapsrådet i tillegg til kommunane. Under er ein oversikt over desse:
Myndigheter og offentlig forvaltning
- Statsforvaltaren med avdelingsdirektørar
- Rogaland fylkeskommune
- Kommunane i Rogaland
- NAV Rogaland
- UDI vest
- Bufetat
- Mattilsynet
- Kartverket Rogaland
- Havindustritilsynet
- Sokkeldirektoratet
Forsvar, politi, redning og beredskap
- Sør-Vest politidistrikt
- HV-08
- Rogaland sivilforsvarsdistrikt
- Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS)
- Rogaland brann og redning IKS
- Haugaland brann og redning IKS
- Redningsselskapet
- Forsvarsbygg
- DSB nødnett
Helse og frivillige beredskapsaktører
- Helse Stavanger
- Helse Fonna
- Helse Vest
- Rogaland Røde Kors
- Norsk Folkehjelp Rogaland
- Norske Kvinners Sanitetsforening
Samferdsel og kritisk infrastruktur
- Statens vegvesen
- Bane NOR
- Avinor
- Kystverket Vest
- Stavangerregionen Havn IKS
- Sjøfartsdirektoratet
- NVE Region Sør
- Kraftforsyninga sin distriktssjef (Lnett)
- Vassforsyning (IVAR IKS)
- Telenor
- Telia
- Lyse Tele
- NKOM
Næringsliv og øvrige samfunnsaktører
- NHO Rogaland
- Finansnæringa (SpareBank 1 Sør-Norge)
- Den norske kirke
- Norges bondelag
- NRK Rogaland
Mellom møta i Fylkesberedskapsrådet samlast fylkesberedskapsutvalet med sentrale aktørar frå rådet. Samlingane skal bidra til å utvikle ei felles situasjonsforståing, styrkje relasjonar og kjennskapen til kvarandre sine roller og ansvar, samt øve på planar og samhandlingsrutinar for krisehandtering.
Nedanfor finn du ei oversikt over medlemene i utvalet.
- Statsforvaltaren med avdelingsdirektørar
- Rogaland Fylkeskommune
- Sør-Vest politidistrikt
- NKOM
- HV-08
- NHO Rogaland
- Rogaland sivilforsvarsdistrikt
- Kraftforsyningas distriktssjef (Lnett)
- Helse Vest
- 5 kommunedirektørar (ein representant frå kvar region)
Det er etablert eit kommunikasjonsnettverk for fylkesberedskapsrådet. Nettverket består av kommunikasjonsrådgivarar frå medlemsorganisasjonane og skal bidra til betre samordning av informasjon ved kriser og andre alvorlege hendingar. Det gjer vi gjennom erfaringsdeling og strategisk samarbeid.
Nettverket har ikkje operative oppgåver. Slike oppgåver blir løyste mellom dei aktuelle aktørane ved behov.
Statsforvaltaren leier nettverket.
Ta kontakt med Håkon Fossmark dersom du vil vite meir om nettverket, eller dersom du vil oppdatere kontaktpersonen for verksemda di.