Uønskte hendingar
Samfunnstryggleik er samfunnets evne til å beskytte liv og helse, viktige samfunnsfunksjonar og verdiar mot uønskte hendingar. Hendingane kan vere utløyste av naturen, skuldast tekniske eller menneskelege feil, eller vere bevisste handlingar.
Samfunnstryggleik i all planlegging
Plan- og bygningslova krev at kommunen tar omsyn til samfunnstryggleik i all planlegging. Det inneber at dei skal vareta liv, helse, miljø, kritisk infrastruktur og materielle verdiar.
Kommunens heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) er eit sentralt grunnlag for planarbeidet og bidrar til at kommunen kan:
- utforme langsiktige mål og strategiar for heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
- gi føringar for videre detaljanalyser i planarbeidet
- unngå utbygging i risikoområde
- sikre trygg lokalisering av viktige samfunnsfunksjonar
- legge til rette for god beredskap og krisehandtering
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har laga ein eigen rettleiar for samfunnstryggleik i kommunens arealplanlegging. Der finn du tilrådingar om korleis kommunen kan følge opp omsynet til samfunnstryggleik i arealplanlegginga og ROS-analysar som metode.
Slik kan kommunen bruke ROS-analysen
ROS-analysen er viktig når kommunen skal vareta samfunnstryggleiken i planlegging etter plan- og bygningsloven.
Analysen skal til dømes vise kva risiko- og sårbarhetsfaktorarar som kan påvirke om det er trygt å bygge i et område, og korleis dette kan endre seg ved ei utbygging.
Kommunen kan bruke planverktøy for å sikre trygg utbygging og førebygge skade.
- Arealføremål: Kva skal arealet brukast til?
- Omsynssoner: Omsyn og restriksjonar i arealbruken
- Føresegner: Til dømes krav om sikring før utbygging
Byggteknisk forskrift (TEK17) stiller i tillegg konkrete krav til trygg plassering av byggverk i område der det er fare for flaum, skred, kvikkleire og stormflo.
Korleis følger Statsforvaltaren opp kommunane?
Vi rettleier kommunen i planarbeidet og vurderer om risiko og sårbarheit er tilstrekkeleg varetatt i planforslag.
Vi fremjar motsegn dersom ein plan ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til samfunnstryggleik.