Dispensasjon frå spreiefrist for organiske gjødselvarer

Publisert 21. august kl. 14:08

15. september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå fristen.  

Bilde av en Traktor med slepeslange og nedleggingsutstyr.
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september. Foto: Martin Grønnesby Søgnen / SFVL.

Like spreiefristar i alle kommunar

Fristen for å spreie organisk gjødselvare i Vestland er 15. september. Spreiing av silopressaft har same frist. 

Dispensasjon til seinare gjødselspreiing ved særlege tilfelle

Kommunen kan ikkje lenger tillate gjødselspreiing etter fristen. Føretaka kan søke Statsforvaltaren om dispensasjon, men berre i særskilte tilfelle. Det må vere ein heilt spesiell situasjon som har oppstått, og noko dei ikkje har rådd med. Det kan ikkje bli gjeve dispensasjon dersom det gir for store ulemper for miljøet og ressursutnytting. 

Dersom eit føretak skal søke om dispensasjon, skal søknaden sendast til Statsforvaltaren i Vestland sitt postmottak sfvlpost@statsforvalteren.no, med kopi til kommunen. 

Her finn du informasjon om spreiefrist som er delt på nettsida vår under Landbruksføretak. Her ligg også søknadskjemaet som føretaka skal bruke for å søke om dispensasjon.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Martin Søgnen
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Øyvind Vatshelle
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland