Hugs fristar for spreiing av husdyrgjødsel

Publisert 21. august kl. 13:50

15. september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå fristen.  

Bilde av en Traktor med slepeslange og nedleggingsutstyr.
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september. Foto: Martin Grønnesby Søgnen / SFVL.

Like spreiefristar i alle kommunar

Fristen for å spreie organisk gjødselvare i Vestland er 15. september. Spreiing av silopressaft har same frist. 

Dispensasjon til seinare gjødselspreiing ved særlege tilfelle

Kommunen kan ikkje lenger tillate gjødselspreiing etter fristen. Ein kan søke Statsforvaltaren om dispensasjon, men berre i særskilte tilfelle. Det må vere ein heilt spesiell situasjon som har oppstått, og noko du ikkje har rådd med. Det kan ikkje bli gjeve dispensasjon dersom det gir for store ulemper for miljøet og ressursutnytting. 

Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland sitt postmottak sfvlpost@statsforvalteren.no, med kopi til kommunen. Bruk skjema som ligg ved denne saken.

Overgangsordning grunna lite lagerkapasitet 

Dersom ein hadde for lite lagerkapasitet då forskrifta blei innført, er det som ei overgangsordning i fire år (til og med 2028) høve til å spreie gjødsel med nedmolding fram til og med 1. november utan søknad. Bruk av nedfellingsutstyr er tilrådd.

Framfor å harve eller pløye ned gjødsel langt utover hausten rår vi til å søkje Statsforvaltaren om dispensasjon til spreiing på eng utan nedmolding etter 15. september. I vårt milde og våte klima gir overflatespreiing ei betre ressursutnytting og mindre fare for næringstap, erosjon og forureining enn gjødselspreiing med harving og pløying seint på hausten. Målet er likevel 15. september, og at det ikkje blir spreidd noko gjødsel etter denne datoen. 

Gjødsellageret bør bli tømt etter andreslåtten

Det er eit mål å få spreidd mest mogleg av husdyrgjødsla vår og forsommar, då juli ofte er våt. For å ha nok plass i gjødsellageret bør ein streve etter å tømme det før siste hausting.  

Det kan lønne seg å gjere avtale om bruk av ledige gjødsellager, dersom det kan bli for mykje gjødsel igjen i eige lager til hausten. Før ein tek i bruk eldre lager som har stått tomme, må ein vurdere behov for oppgradering for å unngå fare for lekkasje. 

Det er krav om minimum åtte månader lagringskapasitet. 

Hausteplikt etter siste gjødsling frå 2027

Krav til at ein skal slå eller beite etter siste gjødsling gjeld frå 2027. For dei som hadde for lite lagerkapasitet då forskrifta blei innført gjeld kravet frå 2029. Dette for å få på plass nok lager.

Kontakt landbrukskontoret i kommunen din dersom du har spørsmål.