Kompetanseheving og tilskotsmidlar

Oppdatert 24. februar kl. 10:50

Her finn du informasjon om utviklingsprosjekt og kompetanseheving i barnevernet som kommunar kan delta på, og søke om midlar til.

Læringsnettverk for barnevernstenesta

Læringsnettverka er eit samarbeid mellom kommunar for å utvikle og styrke kvaliteten i barnevernet. Statsforvaltaren følgjer opp arbeidet i samarbeid med Bufdir.

Kommunane kan søke midler til utviklingsprosjekt.

Kompetanseutvikling i kommunen 

Organisering

Nettverket består av barnevernsleiarar, deltakarar frå utviklingsprosjekta, ressurspersonar frå barnevernstenestene, dei ulike kompetansemiljøa, brukarorganisasjonar, KS, Bufetat og Statsforvaltaren. Nettverket er organisert i ei styringsgruppe og ei ressursgruppe. 

Aktivitetar og samlingar i læringsnettverket 

  • Barnevernsleiar- og læringsnettverket
  • Samlingar retta mot sakshandsamarar knytt til tema i dei pågåande utviklingsprosjekta
  • Barnevernsleiarforum
  • Møte i styringsgruppe og ressursgruppe

Organisering

Nettverket vart starta hausten 2024, og består av omlag 30 kommunar i Vestland, fire kompetansesenter, fleire ressurseiningar og Statsforvaltaren. Nettverket er organisert i ei styringsgruppe og ei ressursgruppe. 

Nettverket er relevant for alle kommunar som ønskjer å arbeide systematisk for å 

  • legge til rette for at tilsette i kommunane har nødvendig kompetanse og mot til å fange opp, snakke med og handle
  • bidra til meir systematikk, langsiktig arbeid, støtte til implementering, opplæring  og vedlikehald av kompetanse
  • vere er ein arena for dialog, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling

Kven frå kommunen bør delta?

Dette blir sjølvsagt opp til den einskilde kommune å avgjera, men vi vil råde kommunen til å peike ut minimum to faste representantar med nøkkelroller, i tillegg til ein kommunalsjef. 

Korleis sikre at tilsette i kommunen har nok kunnskap om vald og overgrep mot barn og unge? 

Det er kommunen sitt ansvar å sørge for at alle tilsette som møter barn og unge har kompetansen, i tråd med den nasjonal faglege retningslinja Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.