Kva inneheld dette kurset?
Du får grunnleggande kunnskap om å:
- oppdage og førebygge økonomiske problem
- gi enkel økonomisk råd og rettleiing
- vite når og korleis du bør hjelpe personar vidare til forsterka økonomisk rådgjeving
Korleis melder du deg på?
Ved at du melder deg på dette kurset, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om nettryggleik og personvern under «Lenkjer».
Du melder deg på innan 3. november ved å fylle ut vårt digitale påmeldingsskjema.
Korleis deltek du på kurset?
Alle som melder seg på, får tilsendt møtelenke til kurset i løpet av den siste arbeidsdagen før kurset.
Program
09.00 Velkommen
09.05 - 10.00 Pengane og livet: Betydninga av økonomisk rådgjeving, ved Statsforvaltaren.
10.00 - 10.15 Pause.
10.15 - 11.00 Økonomi og gjeld - korleis kan vi hjelpe? Ved Wenche Sundhordvik, Nav Eiganes og Tasta.
11.00 - 11.15 Oppsummering og avslutning, ved Statsforvaltaren.
Vi tek atthald om endringar.