Klagar på standpunkt

Oppdatert 24. mars kl. 13:28

Elevar har rett til å klage på fastsetting standpunktkarakterar – og på vedtak om at dei ikkje får standpunktkarakter. Her går vi gjennom hva skulane må gjere når dei har mottatt klagar.

Kva må skulen gjere når dei har mottatt klagar?  

Skulen må først vurdere om klagefristen på ti kalenderdagar er halden.

For elevar under 15 år må føresette skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skulen fatte vedtak om dette. Eleven kan klage på dette vedtaket.

Dersom skulen er samd i klagen og endrar karakter/vedtak til fordel for eleven, gjer skulen eit nytt grunngjeve vedtak. Eleven kan klage også på dette vedtaket.

Dersom karakteren ikkje blir endra til fordel for eleven, må skulen sende saka vidare til Statsforvaltaren.

Dette må skulen sende til oss – 
og slik behandlar vi klagane

Hva må skulen sende til Statsforvaltaren?

  1. Klagen 
  2. Grunngjeving frå faglærer med informasjon
    • som viser at standpunktkarakteren er sett ved avslutninga av opplæringa.   
    • om elevens samla kompetanse i faget. Faglærar har løfta blikket og sett kompetansemåla i samanheng, i lys av teksten «Om faget». Kompetansen som eleven har vist undervegs i opplæringa, er ein del av vurderinga frå faglærar. 
    • om elevens kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget og på trinnet.
    • som ikkje legg vekt på utanforliggande omsyn, som til dømes elevens føresetnader, fråvær, orden eller åtferd. Innsatsen til eleven er heller ikkje relevant, med mindre dette følgjer av læreplanen i faget. 
    • som viser korleis eleven har fått vist kompetansen sin i faget på fleire og varierte måtar.  
    • som viser korleis eleven er gjort kjend med kva som blir lagt vekt på i fastsettinga av standpunktkarakter. 
  1. Skulens uttale. Skulen må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagaren peikar på, gjere greie for korleis skulen har vurdert klagen, stadfeste at faglærars grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av standpunktkarakter i faget og vise til at eleven har blitt gjort kjend med kva som vart lagt vekt på i vurderinga. 

Skulen må oppgi riktig informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren. 

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til den som har klaga. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

  • Vi skal vurdere om skulen har følgt reglane når dei har fastsett standpunktkarakteren i fag.
  • Vi skal ikkje ta stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med elevens faglege nivå.
  • Dersom vi kjem fram til at reglane ikkje er følgde, opphevar vi vedtaket og sender saka tilbake til skulen. Skulen må vurdere saka på nytt og setje endeleg karakter.

Vi kan avvise ein klage dersom klagefristen ikkje er halden, eller dersom reglane i forvaltningslova er brotne.

Kva må skulen sende til Statsforvaltaren? 

  1. Klagen 
  2. Ei grunngjeving for kvifor det ikkje er sett standpunktkarakter 
    • ved overskriden fråværsgrense må skulen oppgi fråvær og fråværsgrense
    • ved manglande vurderingsgrunnlag må skulen vise til elevens kompetanse målt opp mot kompetansemåla og kva kompetansemål faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag i, og kvifor
  3. Ein uttale om skulens saksbehandling der skulen stadfestar at faglærars grunngjeving oppfyller krava i regelverket. Uttalen må vise til at eleven har blitt gjort kjend med kva som blir lagt vekt på i vurderinga, og kva som kan føre til at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i fag. Skulen skal også vise til når eleven fekk varsel.
  4. Kopi av varselet til eleven. 
  5. Eventuell anna relevant informasjon.

Skulen må oppgi riktig informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren. 

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til den som klagar. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Vi kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er halden eller dersom reglane i forvaltningslova er brotne. 

Vi skal vurdere om skulens vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter er i tråd med reglane. 

Vi kan anten stadfeste skulens vedtak eller oppheve vedtaket.

Dersom vi opphevar vedtaket, sender vi saka tilbake til skulen for ny behandling. Skulen kan anten

  • fastsette ein karakter – noko som gjer at eleven på nytt får høve til å klage. Dersom eleven ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal eleven få fastsett karakter.

eller

  • halde på vedtaket om å ikkje gi standpunktkarakter. Om dette vedtaket blir gjort på eit anna grunnlag enn det første vedtaket, får eleven på nytt høve til å klage. 

Skulen skal sende kopi av nytt vedtak til oss.

Kva må skulen sende til Statsforvaltaren? 

  1. Klagen 
  2. En uttale frå kontaktlærar og rektor med grunngjeving for kvifor eleven ikkje har fått karakteren God. Det må komme fram kva tiltak skolen har gjort for å betre elevens orden eller åtferd, og skulen må vise korleis han har teke omsyn til elevens føresetnader og kva utslag dette har gitt. 
  3. Ei utgreiing som viser at saksbehandlingsreglane er følgde. Skulen må vise til rektors drøftingsmøte med lærarane. I tillegg må det gå fram at eleven er varsla og utgreiinga må vise til kva karakterer eleven tidlegere har fått.  
  4. Kopi av skulereglane
  5. Kopi av varselet 
  6. Eventuell anna relevant informasjon 

Skulen må oppgi riktig informasjon og adresse til klagaren i oversendinga til Statsforvaltaren. 

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til den som klagar. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen? 

Vi kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er halden, eller dersom reglane i forvaltningslova er brotne

Vi skal vurdere om skulen har følgt reglane då dei fastsette standpunktkarakteren i orden og åtferd. 

Vi kan anten stadfeste vedtaket til skulen, altså at karakteren blir ståande, eller fastsette ny karakter.   

Klagar frå vaksne deltakarar

Kva må kommunen/fylkeskommunen sende til Statsforvaltaren?

  1. Klagen 
  2. Grunngjeving frå faglærar, som skal innehalde:
    • Ei stadfesting på at standpunktkarakteren er sett ved avslutninga av opplæringa.   
    • Ei utgreiing av deltakarens samla kompetanse i faget. Utgreiinga viser at faglærer har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng, i lys av teksten Om faget. Kompetansen som deltakaren har vist undervegs i opplæringa er ein del av vurderinga til faglæraren. Karakteren skal ikkje vere eit snitt av prøvane i opplæringstida. 
    • Grunngjevinga må vise korleis deltakarens kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget. Standpunktkarakteren må vere sett på grunnlag av rett læreplan for modulen og ut frå kompetansemåla for den aktuelle modulen.     
    • Grunngjevinga skal ikkje leggje vekt på utanforliggande omsyn, som til dømes deltakarens føresetnader, fråvær, orden eller åtferd. Det skal heller ikkje leggast vekt på deltakarens innsats, med mindre dette følgjer av læreplanen i faget. Fråværsgrensa gjeld ikke for vaksne deltakarar. 
    • Grunngjevinga må vise korleis deltakaren har fått vist kompetansen sin i faget på fleire og varierte måtar.   
    • Det må komme fram at det det har vore dialog mellom deltakaren og vedkommande som sette karakteren. 
    • Grunngjevinga må vise korleis deltakaren er gjort kjend med kva som blir lagt vekt på i fastsetting av standpunktkarakter.
  3. Kommunens/fylkeskommunens uttale. Denne må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagaren peikar på, gjere greie for korleis opplæringsstaden har vurdert klagen, stadfeste at faglæraren si grunngiving oppfyller krava, og vise at deltakaren er gjort kjend med kva som vart lagt vekt på då standpunktkarakteren vart fastsett.

Skulen må opplyse riktig informasjon og adresse til klagaren i oversendinga til Statsforvaltaren.

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til den som klagar. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Vi vurderer om opplæringsstaden har følgt lover og reglar då dei sette standpunktkarakteren.

Vi tek ikkje stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med det faglege nivået til deltakaren.

Dersom vi konkluderer med at reglane ikkje er følgde, opphevar vi vedtaket og sender saka tilbake til opplæringsstaden, som skal sørge for at det blir gjort ei ny vurdering og sett ein endeleg karakter.

Opplæringsstaden skal sende kopi av nytt vedtak til oss.

Vi kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er halden, eller dersom reglane i forvaltningslova er brotne.

 

Hva må opplæringsstedet sende til Statsforvalteren? 

  1. Klagen 
  2. En begrunnelse for at faglærer ikke har tilstrekkelig vurderingsgrunnlag. (Fraværsgrensen gjelder ikke for voksne).
    • det må det vises til elevens kompetanse opp mot kompetansemålene og hvilke kompetansemål faglærer ikke har vurderingsgrunnlag i, og hvorfor. 
  3. En uttalelse om skolens saksbehandling der skolen bekrefter at faglærers begrunnelse oppfyller kravene i regelverket. Den må vise til at deltakeren har blitt gjort kjent med hva som blir vektlagt i vurderingen, og hva som kan føre til at det ikke gis standpunktkarakter i fag. Skolen skal også vise til når varselet ble gitt. 
  4. Kopi av varsel til deltakeren
  5. Eventuell annen relevant informasjon

Skolen skal sende kopi av saksdokumentene til klager.  

Skolen må oppgi riktig informasjon og adresse til klageren i oversendelsen til Statsforvalteren. 

Hvordan behandler Statsforvalteren klagen? 

Vi skal vurdere om kommunens/fylkeskommunens vedtak er i tråd med reglene.

Vi kan enten stadfeste vedtaket, eller oppheve det.

Om vi opphever vedtaket, sender vi saken tilbake til opplæringsstedet for ny behandling. De kan da enten

  • fastsette en karakter – noe som utløser fornyet klagemulighet. Om deltakeren ikke er varslet i tråd med regelverket, skal det settes karakter.

eller

  • opprettholde vedtaket om å ikke gi standpunktkarakter. Om dette vedtaket blir gjort på annet grunnlag enn det opprinnelige vedtaket, utløser det fornyet klagemulighet.

Opplæringsstedet skal sende kopi av nytt vedtak til oss.

Vi kan avvise klagen hvis klagefristen ikke er overholdt, eller reglene i forvaltningsloven ikke er oppfylt.

Lover og forskrifter

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Sofie Førlie
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Sindre Myklebust Fjeld
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.