Tilskot
Kommunal forvaltning
Kommuneøkonomi

Tilskot til uventa og ekstraordinære økonomiske utfordringar i kommunane

Publisert i dag kl. 11:47

Statsforvaltaren har halde tilbake deler av skjønsramma for 2026, i tråd med føringar frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Dette utgjer 5,8 millioner kroner og er midlar som vi nå skal fordele til kommunane.

Grafikk laget i Canva

Søknadsfrist
30. september kl. 23:59
Kven kan søke
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg etat
Samfunnsavdelinga

Til uventa og ekstraordinære økonomiske utfordringar

Midlane er restskjøn/kriseskjøn som skal bidra til å hjelpe kommunar som opplever uventa og ekstraordinære økonomiske utfordringar gjennom året, inkludert naturskade. 

Det er ikkje eit eige søknadsskjema til dette. Kommunen sender inn søknad per brev.

Vi behandlar unntaksvis søknader fortløpande. I hovudsak blir søknader behandla kort tid etter søknadsfristen. 

Det er berre kommunar i Rogaland som kan søkje om restskjøn/kriseskjøn hjå oss.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Tiril Marie Jansen
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland
Kristine Enger
fagdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland