Kva skog blir føreslått verna?
Tilrådinga omfattar Indre Ulladalen naturreservat i Suldal kommune
Verneforslaget er ein del av ordninga med frivillig vern av skog, der skogeigarar sjølve tilbyr areal for vern.
Brei støtte til verneforslaget
Verneprosessen starta med oppstartsmelding i september 2025. Eit konkret forslag til avgrensing og verneforskrift vart deretter sendt på høyring med frist 25. september 2026.
Forslaget har fått brei støtte undervegs i prosessen.
– Vi er glade for den positive mottakinga verneforslaget fekk i høyringa, og ser fram til den vidare behandlinga av saka, seier naturforvaltar
Solbjørg Torvik Engen hos Statsforvaltaren.
Tilrådingsdokumentet gjer greie for verneforslaget, verneprosessen og Statsforvaltaren sine vurderingar. Vedlegga omfattar mellom anna vernekart, forslag til verneforskrift, høyringsuttalar og innspel frå oppstartsfasen. Dokumenta kan lastast ned frå lenkene i høgre marg.
Kva skjer no?
Miljødirektoratet skal no vurdere verneforslaget og utarbeide si tilråding til Klima- og miljødepartementet. Deretter blir saka førebudd for endeleg behandling i Kongen i statsråd, som fattar vedtak om vern ved kongeleg resolusjon.
Dersom området blir verna, vil erstatninga til skogeigarane bli utbetalt i tråd med inngåtte avtalar. Statsforvaltaren vil deretter sørgje for merking og skilting av naturreservatet.
Eventuelle merknader til verneforslaget skal no sendast direkte til Miljødirektoratet, med kopi til Statsforvaltaren i Rogaland: