Kva kan du få tilskot for?
Klimaavhengig produksjonssvikt kan oppstå som følgje av vêrforhold som tørke, kraftig nedbør eller flaum. I slike tilfelle blir produksjonssvikten vanlegvis berekna ut frå den faktiske produksjonen, uavhengig av kvaliteten.
For frukt og bær kan det også takast omsyn til kvalitetsreduksjon, til dømes skadar som kjem av hagl, store nedbørsmengder eller frost.
Du kan få tilskot til desse vekstgruppene:
- grovfôr til sal
- grovfôr i føretak med husdyr
- potet
- korn og anna frø til modning
- grønsaker
- frukt
- bær
- honning
Vilkår for tilskot
Du kan berre få tilskot dersom produksjonssvikten skuldast klimatiske forhold. I tillegg må du:
- melde frå til kommunen så snart du oppdagar mogleg skade
- ha ei avling som er mindre enn 70 prosent av normalavlinga
- oppfylle vilkåra for produksjonstilskot
- ikkje få tapet dekt gjennom forsikring eller på annan måte
- ha gjort det du kan for å avgrense tapet
Klimaårsaker som kan gi rett til tilskot
I søknaden må du beskrive skaden og kva klimahending som har forårsaka han.
Eksempel kan vere
- frostskadar etter svært låge vintertemperaturar
- dårleg gjenvekst på grunn av varme og tørke
Du får ikkje tilskot for produksjonssvikt som skuldast
- agronomiske forhold
- manglande arbeidskraft eller maskinkapasitet
- plantevernutfordringar
- beiteskadar
Uhausta areal må godkjennast av kommunen
Uhausta areal gir normalt ikkje rett til tilskot. Kommunen kan likevel godkjenne arealet dersom innhaustinga er svært vanskeleg, eller dersom avlinga ikkje har nokon verdi.