Tilskot
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Svømmeopplæring til nykomne minoritetsspråklege

Publisert 10. juni kl. 17:08

Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar som er omfatta av grunnskoleopplæring kan no søkje Statsforvaltaren om tilskot til svømmeopplæring for desse.


Søknadsfrist
1. september kl. 23:59
Kven kan søke
Kommunar
Rapporteringsfrist
15. februar 2027

Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført svømmeopplæring og denne gruppa er overrepresentert i ulykker på grunn av manglande svømmeferdigheiter. I læreplanane er det eit mål at elevane skal vere svømmedyktige etter 4. årstrinn.

Midlar for å redusere risiko for ulykker

Kunnskapsdepartementet ønskjer også i år å stimulere kommunane til å gjere ein ekstra innsats retta mot nykomne minoritetsspråklege elevar sine svømmeferdigheiter. Målet er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading, og å sette elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.

Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar kan i 2026 søkje Statsforvaltaren om midlar til dette. Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa.

Prioriterer samarbeid med frivillige organisasjonar

Kommunen vel sjølv korleis opplæringa blir organisert og blir lagt opp. Svømmeopplæringa kan bli gitt i løpet av skuletida eller etter skuletid. Søknader som beskriv korleis samarbeid med frivillige organisasjonar kan bli etablert eller vidareført vil bli prioritert. Kommunar kan og samarbeide om å etablere ordningar. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.

Søk om inntil 2000 kroner per elev

Kommunen kan søke om inntil kr. 2 000,- pr elev, og dekkje overskytande kostnader sjølv.

Søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som vil utbetale midlane. Kommunar som har motteke midlar skal rapportere på kor mange som har gjennomført svømmeopplæringa.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Marit Sandbukt Grytten
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal