Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har utarbeidd ei forskrift om dette som blir publisert i Lovdata.no.
Sande kommune vedtok å søkje om statusen etter at Coop Marknad Sandsøya tok initiativ til dette tidlegare i år. I søknaden er det argumentert for kvifor Sandsøya er ein typisk turiststad og at øya opplever stor auke av turistar som ynskjer å oppleve øya og historia her. Saka har vore på offentleg høyring i sommar og sendt til høyringspartar, som ikkje hadde vesentlege merknader til saka.
Statsforvaltaren har vurdert søkanden og dei innkomne merknadane, og godkjent søknaden.