Tilskot
Landbruk for kommunen
Landbruksføretak
Natur og friluftsliv

Utlysing av fylkesvise rentemidlar frå skogfond

Publisert i dag kl. 09:06

Organisasjonar kan søke om støtte frå dei fylkesvise rentemidlane til konkrete prosjekt og tiltak som fremmer skogbruket. Søknadsfristen er 15. november 2026. Søknaden sendast inn via skjema i Altinn.


Søknadsfrist
15. november kl. 23:59
Kven kan søke
Organisasjonar

Søknadsfristen gjeld for å være med i hovudtildelinga. Søknadsskjemaet er opent, og ein kan sende inn søknadar gjennom heile året.

Kva kan det søkast rentemidlar til?

Rentemidlar av skogfond skal brukast til å fremme skogbruket. Eksempel på kva det kan gis støtte til:

  • FoU-prosjekt
  • Informasjons- og opplæringstiltak
  • Undersøkingar
  • Fellesutgifter i samanheng med skogfaglege arrangement

Rentemidlane frå skogbruket er ein avgrensa pott, og våre regionale prioriteringar vil også ha betydning for kva søknadar som blir tildelt midlar.

I Møre og Romsdal prioriterer ein tiltak som er med og realiserer måla i:

Det gis støtte til konkrete prosjekt og tiltak, ikkje til ordinær drift.

Kommunale, fylkesvise eller nasjonale rentemidlar?

Prosjektet skal ha regionalt verkeområde og vere av regional betydning. Prosjekt av lokal betydning høyrer til landbruksforvaltninga i den enkelte kommunen. Søknader av nasjonal betydning og med nasjonalt verkeområde høyrer til Landbruksdirektoratet.

Slik søker du

Fyll inn søknad med vedlegg i dette skjemaet i Altinn: Rentemidler skogfond - søknad

Søkar må ha organisasjonsnummer. For å sende inn skjemaet må du ha rolla dagleg leiar eller utfyller/innsendar i Altinn for di verksemd.

Krav til søknad

Søknaden skal innehalde følgande:

  • Kven som søker
  • Søknadsbeløp
  • Hovudmål, delmål og kort beskriving av prosjektet
  • Målgruppe
  • Kven som skal utføre arbeidet og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Framdriftsplan med sluttdato
  • Budsjett og kostnadsplan for dei ulike delane i prosjektet
  • Finansieringsplan inkludert eigeninnsats, timeprisar og tal timar
  • Plan for rapportering
  • Formidlingsplan av resultat i prosjektet

Krav til rapportering

  • Utbetaling av støtte skjer på bakgrunn av godkjent rekneskap og sluttrapport. Rekneskapen skal samsvare med budsjettet i søknaden.
  • Vi kan kontrollere rekneskap og be om innsyn i bilag.
  • Dersom kostnadane i prosjektet blir mindre enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
  • Dersom mottakar av støtta ikkje opptrer i samsvar med forutsetningane for tildelinga, kan støtta trekkast heilt eller delvis tilbake.

Skogfond og rentemidlar

Skogfondsordninga og bruk av skogfondet sine rentemidlar blir regulert av forskrift om skogfond o.a. Skogeigar har plikt til å sette av skogfond ved alt sal av tømmer og skogsvirke. Føremålet er å sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, og at skogfondet blir brukt til langsiktige investeringar i skogen som virket kjem frå.

Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande skogfond på skogeigedomen sin. Rentene skal kome skogbruket sitt fellesskap til gode, og fordelast mellom kommunar, fylker og nasjonalt nivå. Rentemidlane blir brukt til administrasjon av skogfondsordninga, informasjons- og rettleiingstiltak, og støtte til prosjekter etter søknad.

Landbruksdirektoratet godkjenner budsjettert bruk av dei fylkesvise rentemidlane.

Kontakt oss