Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Fylkesmannen i Vestland

Frå 1. januar 2019 blir Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slått saman til Fylkesmannen i Vestland.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 21.12.2018

Det nye embetet har rundt 280 tilsette, og kontor i Leikanger, Bergen og Førde. Vi har seks avdelingar. Alle avdelingane har tilsette både i begge fylka. 

 

Organisasjonskart FMVLHovudsete for det nye embetet er Leikanger, med kontorstader i Bergen og Førde. Talet på kommunar i det nye embetet er 59 ved årsskiftet 2019.

Fylkesmannen i Vestland er Lars Sponheim. Sponheim var fylkesmann i Hordaland frå 2010-2018. Han var leiar av partiet Venstre i 14 år og stortingsrepresentant for Hordaland. Han var nærings- og handelsminister 1997–2000 og landbruksminister i perioden 2001–2005. Sponheim er utdanna landbruksøkonom.