Regionalt miljøprogram (RMP)

Jordbrukslandskap på Byrkjelo
Jordbrukslandskap på Byrkjelo Foto: SFVL.

Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida. Temasida er oppdatert for søknadsomgangen 2022.

Publisert 12.06.2019, Sist endra 21.09.2022

Statsforvaltaren har samla generell søknadsinformasjon og lenke til elektronisk søknadsskjema for regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre (visning på pc) eller nedst på sida (visning på mobil). Omtale av tilskotsordningane og nyhende er presentert under. Søknadsportalen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.


Omtale av regionale miljøtilskot for Vestland:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.12.2022

Offentleg høyring av forskrift om regionale miljøtilskot i landbruket

Alle fylke skal vedta nye forskrifter til søknadsomgangen i 2023. I høyringsforslaget frå Statsforvaltaren i Vestland vert alle dagens tiltak vidareførte, med nokre tillegg og justeringar. Høyringsfristen er 14.03.23.


Publisert 09.08.2022

Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 25. august

Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel for tilskot gjennom regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 25. august.


Publisert 02.06.2022

Viperåd frå bønder og fugleekspertar

Statsforvaltaren i Vestland har vore på vipetur til Sunnhordland og Nordhordland saman med Birdlife Hordaland, kommunar og bønder


Publisert 02.08.2021

Regionalt miljøtilskot: Spreiefrist for husdyrgjødsel er 10. august

Dei som skal søkje regionalt miljøtilskot for miljøvenleg gjødselspreiing må spreie husdyrgjødsla seinast 10. august på areal dei søkjer tilskot til.


Publisert 01.07.2021

Auka stimulering til slått av bratt areal

Alle føretak som slår bratt areal til fôr kan søke om ekstra tilskot. Tilskotet skal kompensere for meirarbeidet med å hauste dette arealet.


Publisert 15.04.2021

Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for klimaet, effektivt for bonden og godt for grasveksten. Økonomisk og agronomisk gevinst er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot gjennom regionalt miljøprogram sikrar god økonomi.


Publisert 07.04.2021

Har du vipe på marka di og ønskjer å legge til rette for vellukka hekking?

Statsforvaltaren gir tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove) gjennom regionalt miljøprogram for Vestland (RMP).


Publisert 08.02.2021

Tilskot til miljøarbeid i jordbruket

Bonden gjer ein stor innsats for miljøet. Her er ei oppsummering for tilskotet i 2020. Gardsdrift med sau og geit vart særleg prioritert.


Publisert 22.09.2020

Regionale miljøtilskot for Vestland 2020

Gjennom Regionalt miljøprogram for Vestland kan bønder søke tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.


Publisert 17.07.2020

Lagar matfat for insekt i Lærdal

Bønder i Lærdal sår blomster som skal betre livsgrunnlaget og auke næringstilgangen til insekt. Dette er ei prøveordning for Lærdal der bonden får tilskot gjennom regionalt miljøprogram i Vestland.