Husdyr i utmarka held landskapet ope
Denne sommaren har 4190 gardbrukarar sleppt over 400 000 dyr på utmarksbeite i Vestland. Dette er klimavennlege matproduksjon som hjelper til med å halde landskapet ope.
Det blir sleppt omlag 149 370 sau og 216 100 lam, 16 820 geiter, 21 700 storfe og 15 040 kyr på utmarksbeite i heile fylket. Her skal dei beite på ressursane som utmarka gir fram til september.
Elektroniske hjelpemiddel
Det er fleire og fleire som utstyrer dyra sine med elektronikk. Nofence eller Monil set opp eit usynleg gjerde til dyra, medan sporingsbjøller viser på kartet kor dyra er. Dette gjer det lettare å ha tilsyn med dyra, og eigaren kan sjå korleis dyra brukar beiteområdet gjennom sommaren. Dette er ny teknologi som er til stor hjelp for bonden!
Det er krav om å ha tilsyn av dyra kvar veke, men ved uro i beiteområdet kan det vera krav om tilsyn fleire gonger for veka.
Kvifor har gardbrukarane dyra på utmarksbeite?
Beiting er god ressursutnytting, og her finn dyra eit næringsrikt fôr som elles ikkje ville blitt brukt. Fôret har også andre kvalitetar enn gras på innmarksbeite. Her beitar dei gras, urter og andre planter, som er «medisin» for dyra.
Beiting er god dyrevelferd. I tillegg til næringsrikt fôr gir beiting mosjon og fridom for dyra. På utmarksbeite er det lågare smittepress enn på innmarksbeite, og dei er såleis mindre utsett for sjukdom. Samstundes er utmarka krevjande for dyra, og dei må såleis vere friske og ha god helse. Dei skal gå over store område, vere ute i all slags vêr, gå i eit ulent og delvis farleg terreng og passe seg for ulukker og rovdyr.
Beitedyr aukar det biologiske mangfaldet i utmarka. Område som blir jamt beita har andre og fleire planter enn område som ikkje blir beita. Dette skjer fordi beitedyra held vegetasjonen nede som gir meir lys til små planter. Avføringa gir også næring til planter og livsgrunnlag for insekt og fuglar.
Beiting skapar og pleier kulturlandskapet. Dette er særleg viktig for å hindre at område gror til med skog. Beiting med fleire dyreslag kan vere nødvendig for å unngå attgroing med tre, einer og lyng. Eit ope landskap gir lettare tilgjengeleg for alle.
Fôr frå utmarka er klimavenleg. Dette er gras som veks utan bruk av gjødsel. Når dyra så henta maten sjølv sparer det bonden for arbeid, maskinbruk og drivstoff. Gras frå utmarka har eit mykje lågare utslepp av klimagassar enn det som vert dyrka på innmarka. Kjøt og mjølk frå utmarka er såleis eit klimaklokt val.
Utviklingstrekk for beiting i utmark
Det er små endringar i tal dyr på utmarksbeitet i Vestland frå 2024 til 2025. Sau er framleis den klart største dyregruppa på utmarksbeite. Den største endringa var nedgang i tal lam på utmarksbeite, der nedgangen var på 2793 dyr frå 2024 til 2025.