Webinar om bustad og tenester

Dato:
4. november 2021 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59
Illustrasjonsfoto: Husbanken
Illustrasjonsfoto: Husbanken Foto: Husbanken.

Metoden Housing First handlar om hjelp til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk helse, til eigen bustad og ambulant oppfølging. Andre del i ein serie frittståande og gratis webinar om metoden blir arrangert 4. november kl. 13.00–14.30. 

Publisert 04.10.2021

Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland. 

Det er planlagt i alt åtte webinar i perioden september 2021 til juni 2022. Kvart webinar er frittståande og det krevst ingen forkunnskap for å delta. 

Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik blir med på webinaret. Han vil både inspirere og informere om tema som er relevante innanfor Housing First-arbeid og boligsosialt arbeid generelt.

Tema og innhald

  • Prinsippa om bustad, bumiljø og tenester v/Rokus Loopik
  • Tryggheitsplan og bustadframskaffing i praksis v/Bergen kommune

 

Påmeldingsskjema og program finn du på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før. 

Påmeldingsfrist: 3. november 2021.

Dato:
4. november 2021 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59