Klimaomstillingskonferansen 2021

Dato:
29. april 2021 09:00 - 15:15
Stad:
Zoom
Arrangør:
NORADAPT, CET Senter for energi og klimaomstilling, Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NVE, Klimapartnere, Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren i Vestland, Statens vegvesen

I april arrangerer vi årets utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2021.

Publisert 12.04.2021

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn stiller for å snakke om dei politiske konfliktene som skjuler seg i regjeringa si nylanserte stortingsmelding om klima. Professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking forklarer kvifor han trur covid-19 vil etterlate seg eit meir berekraftig reiseliv, og Marie Storli frå Rethinking Economics Norge vil argumentere for at sirkulærøkonomi er vegen til berekraftig klimaomstilling.

Vi byr òg på ei utspørjing av tre politiske kommentatorar om kva vi kan forvente oss av haustens stortingsval. Kva slags klimapolitikk får vi? Her stiller Magnus Takvam (NRK), Anders Bjartnes (Energi og klima) og Kjetil Alstadheim (Aftenposten).

Du finn heile programmet for konferansen på klimaomstilling.no

I år vil vi dagen før dagen ha posterpresentasjonar med studentar frå Høgskulen på Vestlandet sitt masterprogram Climate change management. Der vil dei presentere masteroppgåva deira, og vere tilgjengelege for diskusjon, og svare på spørsmål. Det blir også lansering av ny klimafilm av Johan Wildhagen. Meir informasjon om dette kjem.                                                                                                        

Konferansen er gratis og vil føregå på Zoom.

Du kan melde deg på her.

Dersom du har spørsmål ta kontakt med

Om konferansen: Tone Rusdal tru@vestforsk.no

Om påmelding: Ragnhild Berge Feidje Ragnhild.berge.feidje@vlfk.no

Dato:
29. april 2021 09:00 - 15:15
Stad:
Zoom
Arrangør:
NORADAPT, CET Senter for energi og klimaomstilling, Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NVE, Klimapartnere, Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren i Vestland, Statens vegvesen