Førebygging og samfunnstryggleik i kommunal planlegging

Oppdatert 19. mai kl. 10:01

Samfunnstryggleik skal vere utgangspunktet for all planlegging etter plan- og bygningslova. Kommunen skal førebygge uønskte hendingar ved å ta omsyn til risiko og sårbarheit i planlegginga.  

Uønskte hendingar

Samfunnstryggleik er samfunnets evne til å beskytte liv og helse, viktige samfunnsfunksjonar og verdiar mot uønskte hendingar. Hendingane kan vere utløyste av naturen, skuldast tekniske eller menneskelege feil, eller vere bevisste handlingar.

Samfunnstryggleik i all planlegging

Plan- og bygningslova krev at kommunen tar omsyn til samfunnstryggleik i all planlegging. Det inneber at dei skal vareta liv, helse, miljø, kritisk infrastruktur og materielle verdiar.

Kommunens heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) er eit sentralt grunnlag for planarbeidet og bidrar til at kommunen kan:

  • utforme langsiktige mål og strategiar for heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
  • gi føringar for videre detaljanalyser i planarbeidet
  • unngå utbygging i risikoområde
  • sikre trygg lokalisering av viktige samfunnsfunksjonar
  • legge til rette for god beredskap og krisehandtering

Slik kan kommunen bruke ROS-analysen

ROS-analysen er viktig når kommunen skal vareta samfunnstryggleiken i planlegging etter plan- og bygningsloven.

Analysen skal til dømes vise kva risiko- og sårbarhetsfaktorarar som kan påvirke om det er trygt å bygge i et område, og korleis dette kan endre seg ved ei utbygging. 

Kommunen kan bruke planverktøy for å sikre trygg utbygging og førebygge skade.

  • Arealføremål: Kva skal arealet brukast til? 
  • Omsynssoner: Omsyn og restriksjonar i arealbruken
  • Føresegner: Til dømes krav om sikring før utbygging

Byggteknisk forskrift (TEK17) stiller i tillegg konkrete krav til trygg plassering av byggverk i område der det er fare for flaum, skred, kvikkleire og stormflo.

Korleis følger Statsforvaltaren opp kommunane?

Vi rettleier kommunen i planarbeidet og vurderer om risiko og sårbarheit er tilstrekkeleg varetatt i planforslag.

Vi fremjar motsegn dersom ein plan ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til samfunnstryggleik.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.