Holth & Winge til plankonferansen

Publisert i går kl. 12:01

Nikolai Winge frå Holth & Winge er ein av hovudinnleiarane på årets plankonferanse. Tema i år er 'Gode og effektive planprosessar - samarbeid og kunnskap som grunnlag for betre planlegging'.

Viktig møteplass

Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune arrangerer plankonferanse for kommunane, regionale og statlege etatar, konsulentbransjen og andre med interesser for kommunal planlegging i november i Bergen.

God planlegging er kommunane sitt viktigaste verktøy for ei berekraftig samfunns- og arealutvikling. Samstundes vert dagens planprosessar opplevd som tidkrevjande, kompliserte og lite fleksible. Samfunnet endrar seg raskt og lange planprosessar skaper utfordringar for private utbyggjarar, det offentlege og samfunnsutviklinga generelt. Årets konferanse set søkelyset på korleis vi saman kan utvikle planprosessar som er effektive, kunnskapsbaserte og forankra i godt samarbeid.

Jobbar du i ein kommune må du melde deg på innan 2. oktober for å få dekka overnatting.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Sarah Kvåle Skouen
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Nicolas Johan Ingebrigtsen Rodriguez
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland