Færre meklingar i plansaker i 2025

Publisert 7. april kl. 12:16

Dei aller fleste arealplansakene i Vestland blir løyste lokalt. I 2025 var det behov for å mekle i berre éi plansak.

Dialogmøter gjev færre meklingar

Medan vi mekla i totalt 18 kommunale plansaker i 2024, var det i 2025 berre behov for å mekle i éi sak. Denne saka, detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen i Jondal i Ullensvang kommune, vart løyst gjennom dialog i etterkant av meklinga.

Det låg føre motsegner frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen. I meklingsmøtet om denne saka vart det konkludert med å føre dialogen vidare under visse føresetnader. Etter at både vi og fylkeskommunen trekte motsegnene, kunne kommunen vedta og eigengodkjenne ein revidert plan.

Dei fleste saker blir løyste lokalt

Kommunane kan i utgangspunktet godkjenne kommuneplanar og reguleringsplanar med rettsleg verknad. Unntaket er arealplanar der det er uløyste motsegner frå statlege instansar, fylkeskommunen eller nabokommunar. Slike planar må avgjerast av politisk leiing i departementet dersom mekling eller annan dialog ikkje fører til semje.

Vi har god erfaring med å finne løysingar saman med kommunen og statlege instantsar gjennom dialog i høyringsfasen. Dersom det ikkje vert semje, kan kommunen be om mekling.

Statsforvaltaren har ansvar for å gjennomføre mekling mellom partane, og ofte finn vi gjennom slike meklingar kompromiss, slik at kommunen likevel kan eigengodkjenne planen.

Tre saker ligg hjå departementet

Frå meklingane i 2024 ligg det for tida tre saker til slutthandsaming i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD):

  • Lundestranda næringsområde i Stad kommune der Statens vegvesen har motsegn. Her gjeld motsegna mellom anna trafikktryggleik og avkøyrsleproblematikk.
  • Eide næringsområde i Øygarden kommune der Statsforvaltaren har motsegn. Her gjeld motsegna mellom anna konflikt med den sterkt truga arten hubro. 
  • Ådnamarka sør næringsområde i Bjørnafjorden kommune der Statsforvaltaren har motsegn. Her gjeld motsegna konflikt med den norske ansvarsarten elvemusling.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Liv Signe Navarsete
statsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland
Nils Erling Yndesdal
spesialrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland