Kva er nytt i strandsonerettleiaren?
Rettleiaren går no meir i djupna på korleis kommunane kan jobbe med å fastsetje annan byggegrense mot sjø enn 100 meter når dei reviderer arealdelen til kommuneplanen, som følgjer av plan- og bygningslova § 1-8. Det er meir informasjon om planvask som er eit viktig grunnlag for planlegging av areala i strandsona. Det er særs viktig at kommunane får på plass eit godt kunnskapsgrunnlag når strandsona skal planleggjast, noko rettleiaren frå før gir ei god innføring i.
Målet med rettleiaren er å skape eit felles utgangspunkt for planlegging og bruk av metode for tilnærming i strandsona, slik at kommunane sitt arbeid blir lettare å samanlikne. Det kan verte færre motsegner til kommuneplan når de bruker rettleiaren. Dersom kommunen fastset ei betre byggegrense i bebygde område kan dette også føre til færre dispensasjonar.