Frå kartlegging til handling – Voss herad deler erfaringar med naturrestaurering

Publisert i går kl. 13:21

Korleis kan ein kommune finne ut kor det er mest aktuelt å restaurere natur – og korleis går dei frå kunnskap til konkrete tiltak? Voss herad er ein av kommunane som deler erfaringar når kommunane i Vestland møtest til samling om naturrestaurering 11.–12. november.

Voss herad har starta arbeidet

Voss herad har arbeidd med å skaffe seg betre oversikt over aktuelle område for naturrestaurering og korleis kommunen kan arbeide meir systematisk med dette. På samlinga på Voss får vi høyre om erfaringane frå arbeidet: Kva kunnskap treng kommunen? Korleis kan ein identifisere aktuelle restaureringsområde? Kva utfordringar møter ein undervegs – og kva skal til for å kome vidare frå kartlegging til gjennomføring?

Erfaringane frå Voss blir utgangspunkt for samtale med dei andre kommunane. Målet er ikkje å presentere éi ferdig oppskrift, men å dele erfaringar som andre kan bruke i sitt eige arbeid.

Kommunane lærer av kvarandre

Dette er ein viktig del av tanken bak samlinga om naturrestaurering. Mange kommunar i Vestland sit allereie på erfaringar frå restaurering av natur – frå myr og vassdrag til kystnatur, bynatur og andre naturtypar.

Vi ønskjer å få meir av denne kunnskapen fram og skape ein møteplass der kommunane kan lære av kvarandre. På samlinga kombinerer vi faglege innlegg med konkrete døme, diskusjon og arbeidsøkter. Vi skal mellom anna sjå på prioritering av tiltak, finansiering og verkemiddel, bestilling og gjennomføring av restaureringsprosjekt og korleis kommunane kan kome frå idé til tiltak.

Bli med på samling 11.–12. november

Vi inviterer, i samarbeid med Voss herad, kommunane i Vestland til samling om naturrestaurering på Scandic Voss 11.–12. november 2026.

Samlinga er gratis for kommunane. Statsforvaltaren dekkjer deltaking, måltid og overnatting på Scandic Voss.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Steinar Garmann Sørli
klimakoordinator - seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland