Ny kartløysing for godkjent spreieareal på innmarksbeite

Publisert 10. september kl. 14:51

Statsforvaltaren i Vestland har bestemt at vi skal bruke landbruksdirektoratet sin kartløysing for registrering av godkjent spreieareal på innmarksbeite. 

Nytt fagsystem

Alt som blir gjort i kartløysinga blir med over i nytt fagsystem når dette er ferdig. Vi anbefala å digitalisera tidlegare vedtak, dersom dei ikkje er for gamle og stemmer med dagens regelverk. I nokre tilfelle kan det vere hensiktsmessig for bonden å søkje på nytt, og at kommunen gjere ein ny vurdering av spreiearealet. Dette er gjerne mest aktuelt ved eldre vedtak. 

Utfyllande informasjon finn du i dette brevet frå direktoratet.

Det er laga ein brukarrettleiing om ny kartløysing for registrering av godkjent spreieareal som du finn her.

Tilgang til kartløysinga

Treng du tilgang til kartløysinga kan du be om dette ved å sende e-post til 

Slik som med andre tilgangar i landbruksdirektoratet sine fagsystem, er det din avdelingsleiar som må bestille denne tilgangen. 

Du finn kartløysinga på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Åshild Irene Lie
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland