Har du innspel til ny handbok for parsellhagar?

Publisert i går kl. 10:14

Å leggje til rette for nye parsellar og god organisering er viktige skritt på vegen til grønare møteplassar. No blir parsellhagehandboka revidert og det er rom for å gje tilbakemeldingar innan 1. oktober. 

To parsellhagedyrkarar i ein hage med rips
Det er gøy når hagen gir tilbake! Høsting og beskjæring av ripsbusker i en parsellhage i Bergen. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Handbok for etablering og drift

Parsellhagehandboka er meint for dei som tek initiativ og vil drifte ein parsell. Vi har samla erfaringar frå drift og organisering i heile landet i ein praktisk handbok og håpar det kan gje ein god oppstart og eit godt samarbeid. I boka finn du alt frå agronomiske tips og malar til kontraktar, organisering og tips til rammeverk og kommunal støtte.

Ei handbok for styret

Handboka er praktisk retta mot etablering og drift av parsellhagar i lite eller stort format og på privat eller offentleg grunn. Det er vanleg at mellom 20-100 personar og familiar nyttar eit mindre dyrkingsareal (20-40 kvadratmeter) for dyrking til eige bruk. Sjølve parsellhagen vert ofte drifta i eit fellesskap med ei arbeidsgruppe eller eit styre som organiserer drifta.

Parsellhagar i det urbane landbruket

Det er ikkje lenger eit spørsmål om, men korleis, byar og lokalsamfunn kan skape gode møteplassar gjennom urbant landbruk. Parsellhagar i ulike storleikar og grad av tilrettelegging kan skape god folkehelse, integrering og livskvalitet. I tillegg er dei viktige grøne element i by- og tettstadsutviklinga, med stor vekt på å skape biologisk mangfald, halde dyrkingsjord i hevd, byggje kunnskap og skape interesse for lokalprodusert mat.  

Statsforvaltaren i Vestland oppdaterer handboka i samarbeid med redaktør Siri Haavie frå parsellhager.no.

Lenke til handboka som skal revidereast.

Send innspel til:

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Frøydis Lindén
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland