Kva for tiltak kan få SMIL-midlar?
Føremålet med tilskotet er å fremje spesielt verdifulle natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet og å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaket skal gå utover det som er forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.
Her er nokre vanlege spørsmål om vurdering av søknadar:
I følgje kommentarar til regelverket skal det normalt ikkje gis tilskot til innkjøp av maskiner eller anna laust teknisk utstyr. Det skal difor vere særskilde grunnar til å løyve tilskot til virtuelle gjerde. Døme på særskilde grunnar kan vere å sette i stand eit areal med særleg store verdiar innan biologisk mangfald eller kulturminne, og at fysiske gjerde anten ikkje er ønskjeleg eller mogleg å få til.
Hugs å grunngje vedtaket med dei naturverdiane eller kulturminneverdiane som skal fremjast gjennom tiltaket. Trong for meir beite eller hindre generell gjengroing er ikkje god nok årsak. Det er mogeleg å ha med vilkår om at klavane ikkje kan seljast vidare.
Føremålet med SMIL-ordninga er tilskot til gjennomføring av miljøtiltak ut over det som er venta av vanleg jordbruksdrift. Dyrevelferdslova er klar på at ansvaret for vedlikehald og fjerning av gjerde ligg til den som er ansvarleg for gjerdet. Det skal difor ikkje løyvast SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd på eigedom der det vert drive vanleg jordbruksdrift og der ansvaret for gjerdehald ligg til grunneigaren.
Det må difor vere gode grunnar til at fjerning av piggtråd skal bli støtta. Døme på tilfelle der det kan vurderast er:
I område der det er uavklarte eigar- og/eller ansvarsforhold og det er viktig å legge til rette for ferdsel og beiting i jordbrukslandskapet.
I fellesprosjekt for større område, gjerne i kombinasjon med annan finansiering.
I følgje Miljødirektoratet er kulturmark areal med vegetasjon som er forma ved slått, beiting, styving, brenning eller andre driftsformar gjennom ein lang periode. Den har spor etter gamle driftsmåtar (i terrengoverflaten, rydningsrøyser, murer, styvingstrær, m.m.) og andre kulturminne i området (gravhauger, hustufter, m.m.). Areala er ikkje prega av moderne jordarbeiding, men er dominert av naturleg gras- og urtevegetasjon.
Det kan gis tilskot til tiltak som tar vare på det biologiske mangfaldet og landskapsbiletet knytt til gammal kulturmark.
Døme på kulturmark: Slåttemark, beitemark, lauveng, hagemark, naturbeitemark, beiteskog, strandeng og kystlynghei.
Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på jorda og auke produksjonen.
Føremålet med SMIL er å redusere forureining frå jordbruket, utover det som er venta gjennom vanleg jordbruksdrift.
Vanleg grøfting/drenering av jordbruksareal fell utanfor føremålet i SMIL-forskrifta. Avskjæringsgrøfter for å redusere erosjon og arealavrenning kan vere omfatta av SMIL-ordninga så lenge dette ikkje er ein del av eit ordinært større dreneringsarbeid.
Du kan lese meir om tiltaksgrupper og saksbehandling hos Landbruksdirektoratet.