Nasjonale prøvar hausten 2026

Publisert 13. august kl. 11:07

Gjennomføringsperioda for nasjonale prøvar er 31. august til 25. september.

Fritak 

Nasjonale prøvar er obligatoriske for alle elevar. Skulen kan likevel vurdere å innvilge fritak frå nasjonale prøvar til elever som har vedtak om individuell tilrettelegging eller særskilt språkopplæring.

25. september 2026

  • Frist for å registrere friteke eller kunne ikkje delteke for alle prøvar 
  • Frist for å skåre opne elevsvar i lesing for 8. og 9.trinn 
  • Fana «manglande besvarelse» i PAS prøve skal vere tom

Brukarstøtte

Viss ein elev får tekniske problem, kan skulen prøve følgjande:

  • Trykke oppdater/refresh om det "heng" eller eleven ikkje kjem vidare.
  • Gå vidare til neste oppgåve, og deretter tilbake att.
  • Logg eleven ut og inn att.
  • Prøv ein anna nettlesar (f.eks. Chrome).
  • Prøv ei anna maskin/nettbrett.

Viss eleven leverer prøva ved eit uhell, eller ingen av punkta ovanfor løyser problemet, fyller skulen ut skjema "Tekniske problemer under nasjonale prøver?" Skjema leverast til rektor som sender det vidare til oss via skuleeigar/rektor på privatskular. 

Meir informasjon om nasjonale prøvar finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Tanja Holum
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Per Sindre Thoresen Aaland
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland