Kommunar kan søkje om introduksjonsavtalar i allmennmedisin

Introduksjonsavtalar er eitt av tiltaka i Handlingsplan for allmennlegetjenesten, og vil gi legar rett til trygderefusjon når dei jobbar på listene til fastlegar, også når fastlegen er til stades. Søknadsfrist er 15. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2022

Tiltaket skal bidra til at fleire legar blir spesialistar i allmennmedisin, ved at introduksjonslegen kan arbeide parallelt med fastlegen med listeansvar. Introduksjonslegen blir ein ekstra ressurs på fastlegekontoret. Legen kan òg gjennomføre to år med open uselektert praksis, som krevst for å bli spesialist i allmennmedisin. Les meir om tilskotet og søk via Helsedirektoratet si nettside.

Det er kommunen som søker Helsedirektoratet om rett til å inngå introduksjonsavtale med sine legar. Det er opp til avtalepartane (kommune, fastlege, introduksjonslege) å bli einige om fordelinga av kostnader ved gjennomføring av introduksjonavtalen.

Regionalt rådgivingskontor for styrket spesialistutdanning i allmennmedisin (ALIS Vest) bistår kommunar i søknadsprosessen ved behov.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.