Helse, omsorg og sosialtenester

Oppdatert 18.11.2024

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.

Vis meir

Kontakt helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

09.12.2025

Guide for implementering

Guiden skal støtte leiarar, kvalitetsrådgjevarar og fagutviklarar i helse- og omsorgstenesta med implementering av dei nasjonale krava og anbefalingane til Helsedirektoratet.


09.12.2025

Lansering av overdosefare.no

Helsedirektoratet og Kompetansesenter for rusfeltet inviterer til lansering av ei ny nasjonal teneste for varsling og deling av informasjon om auka overdosefare, 14. januar.


27.11.2025, Endra 01.12.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er det ledig verv som legekyndig medlem frå 1. juli 2026. Søknadsfristen 1. mars 2026.


25.11.2025

Barnevernstenesta følgde ikkje opp bekymringsmeldingar om vald mot barn

Statsforvaltaren har tidlegare slått fast at Øygarden kommune ikkje har sørga for at barna fekk nødvendig vern og forsvarlege tenester til rett tid, og valde difor å politimelde kommunen.


10.11.2025, Endra 10.11.2025

E-læringskurs om helsehjelp til papirlause migrantar

Kurset har som mål å støtte helsepersonell i å finne løysingar på praktiske og administrative utfordringar som kan oppstå når pasienten er ein papirlaus migrant.


10.11.2025, Oppdatert 10.12.2025

Kommunalt rusarbeid

Tilskotsordninga kommunalt rusarbeid vert avvikla. Kommunane kan difor ikkje søke om tilskot over denne ordninga i 2026, men kan søke om overføring av ubrukte midlar for bruk i 2026 under vilkår av at tiltaket vert heilt eller delvis vidareført.


05.11.2025

Statsforvaltaren opnar tilsyn etter at 14-åring døydde

Vi har starta tilsyn med Bergen legevakt og fastlegekontoret. 


28.10.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga

I Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga er det ledig verv som vara for legekyndig medlem frå 1. februar 2026. Søknadsfristen 15. desember 2025.


16.10.2025

Vi innfører telefontid

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga startar med telefontid frå tysdag 21. oktober. Vi blir då meir tilgjengelege for dei som treng å komme i kontakt med oss.


10.10.2025

Frisklivssentralane bidreg til auka livskvalitet

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel