Ein trygg skuledag utan mobbing

Illustrasjonsfoto. Pixabay
Illustrasjonsfoto. Pixabay
Oppdatert 24.06.2022

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan krenking eller mobbing. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen må undersøke det som har skjedd. Undersøkinga skal gje skulen informasjon slik at dei kan lage tiltak for å hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner og kva du ønskjer av tiltak - hvis du vil. Du har også rett til å seie di meining sjølv, eller late andre gjere det for deg. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for at du skal ha det trygt og godt på skulen.

Skulen skal alltid lage ein skriftleg plan med tiltaka som viser korleis dei skal hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner om planen, og du har rett til å få planen frå skulen. 

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Rektor må kjenne til korleis du opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar på å gjere deg trygg på at skulen skal hjelpe deg. Viss du etter dei fem arbeidsdagane ikkje er trygg på at skulen vil klare å hjelpe deg, kan du melde frå til oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Dersom vi ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.08.2022

Skulen si plikt til å varsle i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle og ved mistanke om eller kjennskap til at ein vaksen utset ein elev for krenkingar.


Publisert 15.08.2022

Kompetansepakkar om barnehage- og skulemiljø

Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar om trygt og godt miljø i barnehage, skule og SFO.


Publisert 04.04.2022

Skulen si plikt til å sette inn tiltak i skulemiljøsaker

Når ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt har skulen plikt til å sette inn tiltak, så langt det finst eigna tiltak.


Publisert 28.02.2022

Skulen si plikt til å undersøke i skulemiljøsaker

Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen snarast undersøke saka.


Publisert 29.04.2021

Bruk av advokat i skulemiljøsaker

Det skal ikkje vere nødvendig med advokat for å få oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø.


Publisert 30.03.2020

Ein trygg og god digital kvardag når skulane er stengde

Stengde skular gjer at barna i stor grad berre er sosiale på nett. Nokre elevar opplever digital mobbing og utestenging i spel og sosiale medium.


Publisert 23.03.2020

Eit trygt og godt opplæringstilbod når skulane er stengde

Elevane har rett til eit trygt og godt opplæringstilbod.


Publisert 31.10.2019

Inngripande tiltak i skulemiljøsaker

I saker som gjeld skulemiljø kan det vurderast å setje inn inngripande tiltak mot elevar.


Publisert 15.10.2019

Samarbeidet mellom skule og heim i skulemiljøsaker

Eit godt samarbeid mellom skule og heim er viktig for å skape gode læringsvilkår og eit godt skulemiljø for kvar einskild elev


Publisert 23.08.2019

Nye reglar om skulebyte – opplæringslova § 9 A-12

1. august 2019 er det sett i verk nye reglar om skulebyte som gjeld for vidaregåande opplæring. Dette inneber at skuleeigar i den vidaregåande skulen kan flytte ein elev til ein annan skule, dersom åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.


Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal hele tiden jobbe for å få et best mulig skolemiljø og at skolen skal oppleves som trygg og god for elevene. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle voksne som jobber på skolen skal følge med på at elevene har det bra og gripe inn mot mobbing og annen krenking. De skal også varsle rektor hvis de får mistanke og kjennskap til at en elev ikke har det trygt og godt.

Dette står i opplæringsloven  kapittel 9A.