Tilskotsordningar

Her følgjer ei oversikt over ein del statlege tilskotsordningar for miljøtiltak over Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Søknader om tilskot blir sendt gjennom det elektroniske søknadssenteret (ESS) til Miljødirektoratet. ESS opnar for innlevering av søknadar om lag ein månad før søknadsfristen for det einskilde tilskotet.

Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkar og finne informasjon om søknadsprosedyren, samt omtale av dei einskilde tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til skal også skje gjennom søknadssenteret. Ta eventuelt kontakt med Statsforvaltaren for rettleiing.

Regjeringen.no finn du lenke til rundskriv med oversikt over tilskotsordninger.

 

Tilskotsordningar som Statsforvaltaren si miljøavdeling forvaltar

Sjå omtale i søknadssenteret av dei einskilde tilskotsordningane.

Tiltak

Søknadsfrist

Merknad

Fisketiltak for laks og sjøaure

15. januar

Anadrome laksefisk

Kalking av vassdrag 

15. januar

Redusere negative effektar av sur nedbør

Trua naturtypar 

15. januar

Utvalde naturtypar og naturtypar på raudlista

Trua artar 

15. januar

Prioriterte artar og artar på raudlista

Vilttiltak 

15. januar

Trua eller sårbare artar eller artar det ikkje kan haustast av, samt grågås og villrein

Tiltak i kulturlandskapsområde
registrerte som verdifulle kulturlandskap 

15. januar

Områda det kan søkjast om tilskot til står på eiga liste over prioriterte område

Tiltak for ville pollinerande insekt

15. januar

Restaurering, skjøtsel og etablering av leveområde

Desse tilskotsordningane har andre søknadsfristar:

Tiltak

Søknadsfrist

Merknad

Akutte forbyggjande tiltak mot skade frå rovvilt

Kan søkjast heile året

 

Førebyggjande tiltak i rovviltforvaltninga

15. februar

Vi henstiller om å søke tidligst mulig

Konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

15. februar

Vi henstiller om å søke tidligst mulig

Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Kontakt kommunen området ligg i

 

Nokre aktuelle ordningar som Miljødirektoratet forvaltar:

Tiltak

Søknadsfrist

Merknad

Generell vassforvaltning

15. januar

 

Tiltak mot framande organismar

15. januar

 

Programmet "Villreinfjellet som verdiskapar" 

15. januar

 

Verdiskaping naturarv

15. januar

 

Klimasats

15. februar

Stønad til klimasatsing i kommunane

Tilskot til klimatilpassing

15. februar

Kunnskap, kompetanse-heving og utgreiing

Tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar

Perioden 01.01. til 01.12 det året båten blir kassert

 

Tiltak mot marin forsøpling

Sjå søknadssenter

 

 

Tilskot til friluftslivsformål:

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for friluftsliv på fylkesnivå. Dette omfattar også dei statlege tilskotsordningane til friluftslivsformål. Meir informasjon finn du på heimesidene til Vestfold og Telemark fylkeskommune.