Statlege forventningar til kommunane i 2027

Publisert i dag kl. 13:26

– Når Stortinget vedtar lover og regjeringa kjem med nye satsingar, er det gjerne kommunane som skal følgje dei opp. I det årlege forventningsbrevet til kommunane klargjer vi dei viktigaste og dei nye forventningane som staten har til kommunane, seier statsforvaltar Trond Rønningen. 

No kjem forventningsbrevet for 2027

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit brev med statlege forventningar til kommunane for 2027. Brevet blir sendt ut til kommunane med utgangspunkt i vår rolle som formidlar av nasjonal politikk til lokalt nivå. 

Få oversikt over statlege forventingar

Føremålet med dokumentet er å legge til rette for effektiv styringskommunikasjon, mellom anna ved å klargjere ansvaret til kommunane og det lokale handlingsrommet. Brevet er ikkje ei fullstendig oppgåveliste. Statsforvaltaren ønsker å peike på områda som vil ha særleg merksemd i perioden framover, og bidra til ei felles forståing av dei nasjonale måla og forventningane til kommunane.

Lenke til forventningsbrevet (PDF) finn du under.