- Vi har for tida ingen ledige stillingar
Nyhende
21.12.2018Takk for oss!
Vi takkar for oss i eit siste innlegg på Fylkesmannsbloggen, skrive av fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid. Til nyttår går fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane over i historia etter 255 år, og vi vert ein del av Fylkesmannen i Vestland.
17.12.2018
Miljøseminar for akvakultur 2019
Vi har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge gleda av å invitere til miljøseminar i Florø 6. og 7. februar 2019
17.12.2018
Vern av Tingastad naturreservat
Regjeringa vedtok i statsråd 14.12.2018 å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune etter prosedyren for frivillig skogvern.
12.12.2018
Løysing for bustadtomt
Høyanger kommune har godkjent justert søknad om bygging av nytt bustadhus på Søreide. Fylkesmannen har ikkje innvendingar til dette.
11.12.2018
Kostra-rapportering for 2018
Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2019.
11.12.2018
Utlysing av fornyingsmidlar for 2019
Fylkesmannen har sett av 5,5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2019 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.
11.12.2018
Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta
Helsedirektoratet har lyst ut tilskot til ordninga styrking og utvikling av helsestasjons‐ og skulehelsetenesta på 426 millionar kroner. 40 millionar er øyremerka styrking av jordmortenestene i kommunen. Søknadsfristen er 14. januar.
11.12.2018
Oppfølging av personell som har vore i internasjonal teneste for staten
Dei fleste som har gjort teneste i internasjonale operasjonar kjem heim med nye erfaringar og ein unik kompetanse frå konfliktområde. Dei fleste veteranar greier seg bra etter tenesta, men nokre vil ha problem og utfordringar.
10.12.2018
Justerer grensa mellom Balestrand og Høyanger
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom Balestrand og Høyanger skal justerast slik at Nesse grunnkrins blir flytta til Høyanger kommune. Den nye kommunegrensa skal følgje eigedomsgrensene i fjellet og grunnkrinsgrensa ved fjorden.
04.12.2018
Teieplikt med vit
– Teieplikt skal ikkje vera eit hinder for at born og andre får gode tenester, skriv fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kor viktig det er at teieplikta vert nytta rett og med vit.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel