Tida renn ut for båsfjøsa

Publisert 24. september kl. 14:43

Dei neste åtte åra må over 350 mjølkebønder i Rogaland avgjere om dei skal investere i lausdrift, leggje om drifta eller avslutte mjølkeproduksjonen. Valet får betydning både for den enkelte gardbrukaren og for framtida til eit mjølketungt fylke.

Lausdriftsfjøs for mjølkekyr.
Lausdriftsfjøs for mjølkekyr. Foto: Inga Skretting Timpelen.

Små bruk møter dei største utfordringane

Om lag 1000 bønder i Rogaland produserer til saman nær 300 millionar liter mjølk årleg. Sjølv om 80 prosent av mjølka allereie kjem frå lausdriftsfjøs, blir framleis 54 millionar liter produsert i båsfjøs.

Mange av bøndene som framleis har båsfjøs driv i mindre omfang. Det gjer overgangen til lausdrift særleg krevjande. Store investeringar skal fordelast på færre kyr og mindre mjølkevolum, noko som kan gi svakare lønsemd.

Stor uvisse om investeringsbehovet

Ei spørjeundersøking blant mjølkebønder i Rogaland i 2022 viste at fleire vurderte å avslutte mjølkeproduksjonen innan 2034. Samstundes er det stor uvisse knytt til kor mange som vil investere i nye fjøs, og kor store kostnadene vil bli i åra framover.

For landbrukspartnarskapet i Rogaland blir det derfor ei viktig oppgåve å vurdere behovet for investeringsmidlar til mjølkesektoren. Kor mange bruk kan og vil satse vidare, og korleis vil auka byggekostnader, renteutgifter og andre kostnadsdrivarar påverke lønsemda?

Meir enn ei fjøsomlegging

For Rogaland handlar overgangen til lausdrift om meir enn dyrevelferd og byggtekniske krav. Det handlar om korleis framtidas mjølkeproduksjon skal sjå ut: Skal vi ha mange mjølkebruk spreidde over heile Rogaland, eller færre og større produsentar med ein større del av den samla produksjonen?

Mange båsfjøs ligg i område der gardane er små  med krevjande struktur og terreng . Dersom mjølkeproduksjonen forsvinn der, kan det påverke både busetjing, kulturlandskap og aktivitet i lokalsamfunna.

Rogaland har eit sterkt miljø innan meieri, rådgiving, veterinærtenester, maskinentreprenørar og landbruksindustri. Talet på mjølkebruk, og som står for nær 50 prosent av verdiskapinga i jordbruket, er avgjerande  for heile økosystemet rundt næringa.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Eli Munkeby Serigstad
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland
Anfinn Rosnes
ass. landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland