Storfetuberkulose og etablering av Tubteam

Publisert 22. september kl. 13:26

Om lag 1 000 storfebruk skal testast for storfetuberkulose dei neste åra. For å møte det store behovet for arbeidskraft og sikre god dyrevelferd og smittevern, er det no etablert eigne Tubteam i Rogaland, Vestland og Agder.

Ku på beite. Biletet har ikkje tilknyting til innhaldet i artikkelen.
Ku på beite. Biletet har ikkje tilknyting til innhaldet i artikkelen. Foto: Nono Dimby.

Storfetuberkulose og etablering av Tubteam

I 2022 blei det påvist storfetuberkulose i Suldal. For å kartleggje smittestatus og redusere risikoen for vidare smittespreiing har Veterinærinstituttet og Mattilsynet utvida det nasjonale overvakings- og kontrollprogrammet med systematisk tuberkulintesting av storfe.

Basert på smittesporing er om lag 1 000 gardsbruk valde ut for testing i løpet av ein femårsperiode. Dei fleste buskapane ligg i Rogaland og Vestland, men enkelte gardar i Agder er òg omfatta. Rogaland er særleg sårbart på grunn av høg dyretettleik og omfattande storfeproduksjon. Tuberkulintesting krev at heile buskapen blir testa to gonger med 72 timars mellomrom, noko som stiller store krav til bemanning, koordinering og fagleg forsvarleg handtering av dyra.

Gjennomføringa fører ofte til behov for ekstra arbeidskraft på garden, noko som kan gi auka kostnader og utfordringar med å skaffe tilstrekkeleg personell. Manglande bemanning kan påverke både HMS, dyrevelferd og kvaliteten på testinga.

Næringa blei informert om kontrollprogrammet i august 2025, og i januar 2026 blei det etablert ei refusjonsordning gjennom Berekraftsfondet. Medlemmer i Noregs Bondelag kan få eit tilskot på 3 000 kroner dersom dei har gjennomført testprogrammet og hatt behov for ekstra personell. Men ordninga dekkjer berre ein del av det samla behovet.

Etablering av Tubteam

For å støtte gjennomføringa har avløysarlaga og bondelaga i Rogaland, Vestland og Agder og Mattilsynet etablert såkalla Tubteam. Teama bistår bønder under tuberkulintestinga ved å reise ut til gardane der testinga går føre seg. Avløysarlaga har ansvar for tilsetjing, kontraktar, forsikringar og oppfølging av personellet.

Kvifor er prosjektet viktig?

Tubteam styrkjer beredskapen i husdyrnæringa og bidreg til ei trygg og effektiv gjennomføring av overvakingsprogrammet. Teammedlemmene får opplæring i smittevern, dyrehandtering, risikovurdering og sikker gjennomføring av testing. Prosjektet byggjer dermed opp verdifull kompetanse som òg kan nyttast ved framtidige sjukdomsutbrot og andre beredskapssituasjonar.

Gjennom samarbeid mellom avløysarlaga, Mattilsynet og næringa blir den samla beredskapen i regionen styrkt, samstundes som prosjektet bidreg til betre HMS, dyrevelferd og smittevern.

Kor langt har testinga kome?

I løpet av eitt år har teama kapasitet til å teste om lag 100 buskapar. Den neste testpulja går frå oktober til desember og omfattar 47 buskapar, hovudsakleg i Rogaland. Med dagens framdrift blir det krevjande å nå målet om å teste 1 000 buskapar innan fem år.

For å bistå bøndene har bondelaga rekruttert minst åtte personar til Tubteamet.

– Dette er anten deltidsbønder eller avløysarar med solid erfaring innan storfehandtering, så vi er svært godt nøgde med rekrutteringa, seier prosjektleiar Marianne Osmundsen i Rogaland Bondelag.

Ho understrekar at utfordringa ikkje er unik for regionen, og peikar samstundes på at det er behov for vidare finansiering dersom prosjektet skal kome i mål.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Eli Munkeby Serigstad
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland